Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Fylkesmannen som behandlar søknaden.

Vis meir


20.08.2019

Karbonfangst med myrrestaurering

Tetting av grøfter i Aspåsmyran naturreservat skal hindre klimagassutslepp og sikre leveområde for artar knytt til myr.

01.02.2019

Verdfulle naturområde i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har på oppdrag frå Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet gått igjennom verdfull natur i fylket og funne 50 særs viktige område.

11.12.2018

Nytt skogvern på Nordmøre

I statsråd 07.12.2018 ble Mulvikknuken naturreservat opprettet. Reservatet erstatter Durmålhaugen NR og arealet er mer enn tredoblet.

09.05.2018

Restaurering av Rørvikvatnet naturreservat ute på offentleg anbod

Fylkesmannen ønsker å restaurere Rørvikvatnet naturreservat på Vigra i Giske kommune

04.05.2018

Ørnakken naturreservat – melding om oppstart av utviding

Fylkesmannen melder med dette om oppstart av planarbeid med utviding av naturreservat i Skodje kommune i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.

20.03.2018

Trollheimen endelig merket - 30 år etter at området ble verna

Merking av Trollheimen påbegynt i 1990 er nå ferdig, og Miljødirektoratet har vedtatt to mindre grensejusteringer og  rettet forskriften i tråd med nytt vernekart.

06.07.2017

Ny Runde-brosjyre

Fylkesmannen har oppdatert brosjyren om verneområda på Runde i Herøy. Både kart og tekst er fornya, og sidan forrige brosjyre vart lagd, har også området fått Ramsar-status.

23.06.2017

Tilrår nye skogreservat

Fylkesmannen tilrår vern av Åfarhaugen naturreservat, Durmålhaugen naturreservat og utviding av Hisdalen naturreservat. Områda ligg i Sunndal og Tingvoll kommunar, og vil medføre ca. 3.500 daa nytt verna areal.

07.04.2017

Framlegg til skogvern

Fylkesmannen høyrer eit framlegg om frivillig vern av tre skogområde i Sunndal og Tingvoll. Samla areal er ca. 3.500 dekar, og føremålet er å ta vare på spesielle naturtypar med sjeldne og raudlista artar.

25.11.2016

Verdfullt skogområde verna i Nesset

Regjeringa har i Statsråd 25.11.2016 utvida Prestaksla naturreservat med ca. 480 daa. «Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår», seier seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen.

Fleire nyhende