Krematorium

Utslepp frå krematorium er regulerte gjennom kapittel 10 i forureiningsforskrifta. Der er det krav som gjeld utslepp til luft og vatn i tillegg til krav som gjeld forbrenningsteknikk og tilhøve i skorsteinen. Det er også krav om at resultat frå målingar av utslepp skal rapporterast til forureiningsmyndigheita.

Krematorium blir delte inn i to kategoriar ut frå kor mange kremasjonar dei har per år. I Møre og Romsdal er det to krematorium, eit i Ålesund og eit i Kristiansund. Begge desse er i kategori I som omfattar anlegg med 200 eller fleire kremasjonar årleg. Utslepp av kvikksølv og støv skal målast minst ein gong kvart år, og resultata skal rapporterast innan 1. mars det neste året.

Karbonmonoksid, oksygen og temperatur skal målast kontinuerleg. Ingen av krematoria i vårt fylke har utslepp til vatn.

Det er Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit og fører tilsyn etter forureiningsforskrifta sitt kapittel om utslepp frå krematorium.

Kapittel 10 i forureiningsforskrifta finn du her:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-06-01-931/KAPITTEL_3-4#KAPITTEL_3-4