Fiskeforedlingsbedrifter

Fiskeforedling.
Fiskeforedling.

Dette er ei informasjonsside for føretak som foredlar fisk og fell inn under kap. 26 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.

Forskrift for fiskeforedlingsbedrifter

Fiskeforedling omfattar verksemder som slaktar eller foredlar fisk, skjell, blautdyr og skaldyr. Reine rundpakkeanlegg for fisk, som ikkje har utslepp til vatn, er ikkje omfatta av kapittel 26.

Verksemder som produserer over 75 tonn ferdig produkt i døgnet må ha løyve til utslepp frå Fylkesmannen.

Forskrifta gjeld for verksemder som har utslepp til sjø og  brukar 50 tonn råstoff eller meir per år.

  • Alle  skal ha reinseanlegg for utslepp til vatn.
  • Alle må redusere sjenerande lukt.
  • Bedrifta skal ha ein journal som viser mengde råstoff og vatn, utslepp og handtering av fiskeavfall.

Her finn du heile forureiningsforskrifta kapittel 26.

Sjå også rettleiaren frå Miljødirektoratet, som kan lastast ned via lenkja til høgre på denne nettsida.

Renseanlegg

Fiskeforedlingsbedrifter får mykje fiskeavfall som slo og avskjer. Fiskeavfallet må handterast riktig, slik at det ikkje oppstår ubehageleg lukt ved anlegget og forureina utslepp til sjø. Avløpsvatnet ved bedriftene må difor reinsast for fett og fiskerestar.

Verksemder som foredlar fisk med meir enn 7 % fett, må ha ein fettavskiljar.

Melding til Fylkesmannen

Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt skjema til fylkesmannen. Anlegg som er omfatta av kapittel 26, og som driv utan løyve, skal også sende melding til fylkesmannen. 

Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureining med mindre ein har løyve frå forureiningsmyndigheitene eller driv innanfor forskrift gitt for visse verksemder. For å kunne drive aktivitet som fell inn under forureiningsforskrifta kapittel 26, skal Fylkesmannen ha ei melding om dette. Lenke til meldingsskjema finn du til høgre på sida. Skjemaet skal sendast til

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Postboks 2520, 6404 Molde

E-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no