Status Flaskehalsarbeid i Møre og Romsdal mai 2017

Det nyttar å arbeide med utbetring av flaskehalsar i tømmertrransporten. Eit prosjekt med fokus på flaskehalsar i vegnettet har ført til oppgradering av mange strekningar, men mykje står att. Oppgraderingane fører til meir effektiv tømmertransport, med færre turar.

Prosjektet registrering av flaskehalsar går mot slutten. Gjennom 6 møter var omlag 20 personar med vegansvar i kommunane av 50 deltakarar på møta. Statens Vegvesen, Skogbrukets kursinstitutt og Fylkesmannen har køyrt same programmet på to møte i alle fogderi.

Dialogen har vore god. Det har til tider vore diskusjonar og utgreiingar om ansvar og kostnader, samt at vi i skognæringa føler vi har blitt godt mottekne med både behov og «krav», for ein bransje som stadig syner seg i fleire kommunar. 

Veglista og innmeldte endringar har vore ein slags fasit på kva som er oppnådd gjennom prosjektet, og første frist var innmeldte endringar til revisjon av veglista 1. april 2017. Vi er ikkje i mål her i fylket, men har fått ei dobling i kilometer kommunal veg godkjent for tømmervogntog (19,5 m og 50 tonn), frå om lag 23 % sommaren 2016 (Dag Skjølås, 2016) til 46 %, slik lista ligg i dag.

Tala kan sjølvsagt diskuterast, og kva for vegar, men i sum har 1380 av fylkets 2987 km med kommunal veg ei bruksklasse tømmervogntog med hengar kan nytte. Nokre kommunar var tidleg ute med endringar, og fekk dei inn til veglisterevideringa 1. oktober 2016, noko som vitnar om god jobbing frå fleire enn berre prosjektgruppa. Statens vegvesen med ansvar for fylkes- og riksvegar har opna mange av bruene, som vart stengde hausten 2015. Nokre få må utbetrast, men 97 % av fylkesvegnettet er ope for 50 tonns vogntog.

Vi er som sagt ikkje i mål, og det skal jobbast godt i fleire kommunar. Det let seg høyre når kommunar som Ørsta til dømes, rett ut frå Robek liste – for 2017 set av 5 millionar kroner til flaskehalsutbetring. I  dialog med skognæringa spør dei også om innspel, fordi dei prøver å finne midlar for 5 nye millionar til same formål for 2018.

Alt i alt er det mykje godt arbeid gjort av mange, for å tilpasse Møre og Romsdal til skognæringa og andre næringar sine krav til storleik på køyretøy. Ein spesiell takk til Stig Svenøy og Torbjørn Gjendem i Statens Vegvesen og Jan Olsen frå Skogbrukets kursinstitutt for standhaftig oppmøte og gode innlegg!