Vel blåst for MRmat 2017!

MRmat i Fosnavåg: To dagar med kompetansepåfyll for lokalmatprodusentar, serveringsbedrifter og andre gründerar. Deltakarane kunne velje mellom sju ulike kurs - frå mjølkeforedling og takkebakst til design og bedriftsutvikling.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Matnavet på Mære arrangerte MRmat for 12. gong i år. Denne gongen var også Innovasjon Norge og hoppid.no med som arrangørar. Sytti deltakarar frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Trøndelag var med på kurs i mellom anna kjøtforedling, enkel mjølkeforedling og fisk på menyen. Dei fleste av deltakarane kom frå Møre og Romsdal og representerte mat- og serveringsstader i regionen. Dei andre var gründerar i startfasen. Kurshaldarane var blant dei fremste på sine fagfelt: Mikael Forselius hadde kurs i bær- og fruktdrikkar og Bodil Nordjore lærte deltakarane takkebakst. I tillegg kunne deltakarane vere med på designkurs og bedriftsutviklingskurs.

MRmat blir arrangert kvart år for å gje eit sterkt fagleg tilbod til lokalmatprodusentar og serveringsstader i regionen. Målet er å styrke kompetansen blant produsentane og auke tilbodet av lokal mat på serveringsstadene. Samstundes skaper arrangementet gode nettverk mellom tilbydarane av lokal mat.