Sosiale tenester i NAV

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Dersom du søkjer om sosialhjelp, må du først ha utnytta moglegheitene dine til å sørgje for deg sjølv, eller du må ha utnytta dei økonomiske rettane dine, for eksempel trygderettane. Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det finst rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Fylkesmannens oppgåver

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Du sender då klaga til Nav, som sender henne vidare til Fylkesmannen.

Fylkesmannen har eit tilsynsansvar som inneber rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving. Denne rådgivingstenesta er ofte lagd til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i tråd med lov om sosiale tenester. Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til kommunens tilsette.

Vis meir


09.07.2018

Tilgjengelege sosiale tenester i NAV-kontoret

Fylkesmannen har som oppgåve å følge med på om handtering av NAV sin kanalstrategi sikrar
gode og tilgjengelege sosiale tenester for dei som treng det.


15.12.2017

Tilskot til sosiale tenester i NAV, bustadsosialt arbeid og arbeid mot barnefattigdom

Med atterhald om godkjenning av budsjett i Stortinget er no tilskot til både bustadsosialt arbeid og utvikling av sosiale tenester i NAV kunngjort. Tilskot til barnefattigdom er også lyst ut som ei overgangsordning. 


02.02.2017

Veiviser Bolig for velferd


Veiviseren.no er en digital verktykasse for det bustadsosiale arbeidet


05.01.2017

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i NAV-kontoret

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i NAV-kontor skal stimulere til utvikling av sosiale tenester og tiltak i kommunane etter sosialtenestelova. Denne ordninga erstattar tidlegare tilskot til bustadsosialt arbeid og barnefattigdom.


02.01.2017

Kurs i personlig økonomi

NAV Molde har i perioden 16. – 18. november 2016 arrangert kurs i personlig økonomi («Fra minus til pluss») for ansatte ved NAV-kontora i Romsdal. Det vil så bli arrangert kurs for innbyggerne i Romsdal  i Molde 4. – 5. januar 2017. Se vedlagte brosjyre til kurset.


02.01.2017

Gratis kurs om god privatøkonomi

NAV Kristiansund holder kurs i personlig økonomi for innbyggerne på Nordmøre.

Vi viser til Kristiansund kommune si hjemmeside.