Tilskot til sosiale tenester i NAV

Søknadsfrist:
1. februar 2024
Målgruppe:
Nav-kontora i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Marianne Stensvold
Kven kan søke:
Nav-kontora i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2025

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.

Publisert 18.12.2023

I 2024  er barnefamiliar, ungdom og bustadsosialt arbeid eit særleg prioritert område.

Vidare er følgjande område prioriterte:

  • Heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behovet til brukarane.
  • Arbeid med innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester.
  • Sikring av sårbare overgangar, mellom anna etter gjennomført straff, mellom utdanning og arbeidsliv og mellom ulike tenester som barnevernet og Nav.
  • Førebygging og/eller tidleg innsats.

Ordninga gir Nav-kontora 650 000 kroner per år i inntil tre år (36 månader) til lønsutgifter for full stilling i prosjektet. Det kan også søkes om 20 000 kroner per prosjekt per år til kompetanse som trengst for det aktuelle tiltaket. Prosjektkostnader utover dette må kommunane dekkje sjølv.

Utlysingstekst, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du i høgremenyen.

Søknadsfrist er 1. februar

Nav-kontora i Møre og Romsdal kan sende søknader elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974764067.

Eventuelt kan ein sende søknader per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist:
1. februar 2024
Målgruppe:
Nav-kontora i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Marianne Stensvold
Kven kan søke:
Nav-kontora i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2025