Tilskot til utviklingsprosjekt gjennom læringsnettverka

No kan kommunar søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt i barneverntenestene. I år er det over 5 millionar i potten for kommunane i Vestland.

Barneverntenestene kan som tidlegare søke om midlar til prosjekt som dei sjølv har identifisert dei har behov for. Det er 1 670 000 kroner som skal fordelast til dette formålet.

I tillegg kan kommunane no søke frå ein pott på 3 500 000 kronar til utviklingsprosjekt som omhandlar styrking av kommunalt fosterheimsarbeid.

Det er to viktige krav for å søke om stimuleringsmidlar i regi av læringsnettverket:

  • utviklingsprosjektet må være eit samarbeid mellom fleire kommunar
  • samarbeid med eit kompetansemiljø

Les meir om søknadskrava i retningslinjer for å søke om tilskot

Søknadskjema ligg på våre skjemasider.

Den 28. og 29. august 2019 inviterer læringsnettverket kommunane til prosjektutviklingsseminar på Flesland, Clarion Hotell Bergen Airport. Påmelding og program er ligg på vår heimeside.

Om de ynskjer meir informasjon kan de kontakte oss eller lese meir på Bufdir sine sider om kompetansesatsinga og om læringsnettverk og utviklingsprosjekt

Søknadsfrist:
01.11.2019 23:59:00
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søkje:
Kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane