Prosjektutviklingsseminar for barneverntenestene

Dato:
28. august 2019 10:00 - 29. august 2019 15:00
Stad:
Flesland, Clarion Hotell Bergen Airport
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland og Læringsnettverka
Målgruppe:
Leiarar, ressurspersonar, tilsette i barneverntenesta som arbeidar med fosterheimar, og kompetansemiljøa
Påmeldingsfrist:
20.08.2019 23:59:00

Læringsnettverka inviterar kommunane til prosjektutviklingsseminar på Flesland 28. og 29.august.2019.

Dag 1 -  utviklingsprosjekt på intitiativ frå kommunane

Denne dagen inviterer vi leiarar og ressurspersonar som ynskjer å bidra med utvikling av si barnevernteneste i samarbeid med andre kommunar og kompetansemiljø. De vil få hjelp til å utvikle ideane, og råd om korleis prosjektarbeid kan gjennomførast på måtar som bidreg til varige endringar og ønska resultat.

Dag 2 - utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet

Denne dagen inviterer vi dykk som jobbar med fosterheimsarbeid i barneverntenesta. Målet for dagen er å skape ein arena for kommunane til å snakke saman om fosterheimsarbeidet, og drøfta idear til korleis ein kan styrke dette. De vil få informasjon om korleis de kan gå saman om å søke midlar til utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet i samarbeid med andre kommunar og kompetansemiljø.

Sjå programmet for meir informasjon.

Kvar kommune kan melde på inntil tre deltakarar på kvar av dagane, seminaret er gratis. Dersom det er nokon som ynskjer å delta på begge dagane, dekkjer Fylkesmannen middag og overnatting. Kommunane må sjølv dekke reiseutgifter. Dersom dykk ynskjer å ha med fleire deltakarar, eller treng overnatting før/etter samlinga så ta kontakt med Bente Cecilie Foss, Fylkesmannen i Vestland.

Meir informasjon om tilskotet finn de på vår heimeside.

Læringsnettverka har òg ei eiga nettside der det finn meir informasjon.

Påmeldingsskjema

Deltek
Treng du eventuelt overnatting frå 28.-29.august?
Legg til i eigen kalender
Dato:
28. august 2019 10:00 - 29. august 2019 15:00
Stad:
Flesland, Clarion Hotell Bergen Airport
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland og Læringsnettverka
Målgruppe:
Leiarar, ressurspersonar, tilsette i barneverntenesta som arbeidar med fosterheimar, og kompetansemiljøa
Påmeldingsfrist:
20.08.2019 23:59:00