Skogbruk

Fylkesmannens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Fylkesmannen også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Fylkesmannen gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir


29.05.2019

Hjort, skog og gras

Hjortebestanden er høg og korleis kan landbruksnæringa tole den store belastninga med beiting? Det vert fagdag 19. juni i Ålfoten om utfordringar i skogforynging og grasproduksjon.

12.03.2019

Historisk kveld i Baldersheim

På eit kveldsmøte 27.02.19 i skogrike Baldersheim i Fusa kommune vart det skrive historie. 22 skogeigarar starta Revnestrand Fellesforvaltning Skog SA med eit hovudmål; å driva berekraftig skogbruk.

28.02.2019

Kan skog i bratt lende minska trugsmål av naturfarar?

Mange Vestlandskommunar har vore råka av, eller er i faresona for, naturkatastrofar. Skadane kan vera store, både for folk, hus og vegar. Me må vera førebudde på stadig aukande naturfarerisiko gjennom eit klima i endring, og med meir ekstremvêr.

30.01.2019

Skogeigarsamarbeid og meir variasjon i granskogen

Prosjektet "Motiv skog" i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, no i Vestland, arrangerte i november 2018 ein skogfagleg studietur til Thüringen. Her har skogforvaltninga konkludert med at eit vind- og barkebilleutsett skogbruk må endrast radikalt.