Tilskot til beiting av kystlynghei (gjeld vinterbeiting av kystlynghei registrert i Naturbase)

Bilde viser lyng i blomst
Kystlynghei på Møkster, Austevoll. Ung lyng gir vinterbeite og biologisk mangfald. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for vinterbeiting av kystlynghei som er registrert i Naturbase. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 24.04.2023

Vilkår:

  • Beitinga skal gjennomførast med tilpassa beitetrykk slik at naturtypen blir teken vare på eller forbetra, og at landskapet ber preg av beiting. Areal som er prega av attgroing kan ikkje godkjennast sjølv om det beiter dyr i området.
  • Det er krav om minst 3 månader vinterbeiting med tilstrekkeleg og tilpassa beitetrykk. Vinterbeiting er beiting i vinterhalvåret frå september til februar.
  • Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmiddel.
  • Kystlyngheia skal vere registrert i miljødatabasen Naturbase. Registrering i Naturbase er ikkje nok til å få tilskotet, sidan skjøtselskrava også skal vere oppfylte. Føretak som skjøttar areal som kan vere aktuelle for dette tiltaket, men der arealet ikkje er registrert i Naturbase, må kontakte kommunen for å få arealet vurdert og lagt inn i Naturbase før det kan søkast tilskot. Godkjenning og registrering i Naturbase vert utført av Statsforvaltaren, og denne prosessen kan ta litt tid.

For lokalitetar som er registrerte i Naturbase med anna verdi/kvalitet enn «Svært viktig», «Viktig» eller «Lokalt viktig», skal ein nytte tiltaksklassen «Viktig» i søknadsskjemaet.

Felles areal i utmark kan diverre ikkje teiknast inn gjennom den digitale kartløysinga i søknaden. Dersom ein ynskjer å søke om tilskot for nye lokalitetar i felles utmark, må søkar difor teikne desse på anna kart og levere til kommunen, som legg arealet til i elektronisk søknad. Kartteikningar som er registrerte i elektronisk søknad kan derimot, som for alle tiltak, importerast til seinare søknadsomgangar.

Eit føretak kan berre søke tilskot for areal der ein har beiterett eller avtale om leigebeiting. Dersom det er beitedyr frå ulike føretak som beiter på same arealet, må arealet i søknadane delast mellom føretaka. Dette fordi tilskotet blir betalt for den skjøtselsjobben som beitedyra gjer, og tilskotet kan berre betalast éin gong for eit gitt areal i same søknadsomgangen.

Gardskart kan i nokre tilfelle vise feil for eigedomsgrenser i utmark. Ein må i så fall kontakte kommunen, slik at dei kan rette eventuelle feil i kartet.

Beitinga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for beiting av kystlynghei under.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Kr 20 per dekar
Inntil 500 dekar per føretak
 
Svært viktig kr 20 per daa
Viktig kr 20 per daa
Lokalt viktig kr 20 per daa
(Vinterbeiting av kystlynghei der landskapet ber preg av beiting og beitinga fremjar kystlyngheia. Det er krav om at areala er registrerte i Naturbase som kystlynghei.)


Skjøtselsråd for beiting av kystlynghei

Dersom det finst skjøtselsråd for lokaliteten i Naturbase, bør ein følgje desse. Dersom det ikkje finst særskilde skjøtselsråd for lokaliteten, gjeld følgjande generelle rettleiing for drifta, jf. krav om at beitinga skal bli gjennomført slik at naturtypen blir teken vare på eller forbetra:

  • Beitetid: Det er oftast best effekt når beitedyra går i lyngheia heile døgnet, men beitinga kan òg vere kombinert med innefôring eller fôring på fôringsplass. Berre sommarbeite er ikkje nok, sidan dyra i vekstsesongen føretrekk næringsrikt gras. Vinterbeite er naudsynt for å få god nok skjøtsel av kystlyngheia. Tidleg vårbeiting er bra for å hindre oppslag av busker og tre. I område med blåtopp er det viktig med tilstrekkeleg beitetrykk i april/mai.

  • Beitetrykk: Det er viktig at beitetrykket er tilpassa kvaliteten på lyngen. Alderen og utsjånaden på lyngen avgjer kor mykje areal ein treng for kvar sau på vinterbeite.
    Rettleiande råd kan til dømes vere:
    • Lynghei i moderat til god hevd med noko innslag av grasmark: ca 15 dekar netto lyngmark per vinterbeitande morsau
    • Lynghei i dårleg til moderat hevd: 20-25 dekar netto lyngmark per vinterbeitande morsau. Dette arealet er ikkje tilstrekkeleg dersom lyngen er gamal og grov. I område med gamal lyng bør ein ikkje ha dyr på vinterbeite før ein har brent lyngen.

      Ein har ikkje tilsvarande råd om arealbehov for storfe.

  • Brenning: Der det er gamal lyng bør ein svi for å fornye lyngen og sikre god beiteverdi. I tradisjonell drift av kystlynghei inngår både vinterbeiting og lyngsviing. På kystlynghei i drift bør alt arealet vere svidd i løpet av ein 15-årsperiode. På vindutsette plassar ut mot havet og der beitetrykket er høgt, kan lyngen halde seg frisk noko lenger.

  • Moderat beitetrykk etter brenning for å sikre at røsslyng kjem opp: Dei unge røsslyng-spirene er attraktive beiteplanter. For høgt beitetrykk like etter brenning kan føre til at røsslyngen som spirer i nybrente område blir nedbeita, og då blir det ikkje rekruttert ny røsslyng i området.

  • Dyrevelferd: Det skal vere god dyrevelferd, og husdyrhaldet skal vere i tråd med regelverk for husdyrhald og Mattilsynet sine tilrådingar. Dette omfattar mellom anna løyve for å halde dyr utan tilgang på hus, krav til merking, krav om tilsyn og kor tamme dyra skal vere, tilleggsfôring ved behov og føring av dyrehaldjournal. For å sikre god dyrevelferd for dyr på vinterbeite må dyra ha tilstrekkeleg tilsyn, og dyreslag og rase må vere tilpassa driftsopplegget. Ein bør vere varsam med å sleppe sau på vinterbeite i område der lyngen ikkje har vore brend eller beita på meir enn 25 år. I slike område bør ein først svi for å få opp ny lyng. Etter sviing er det viktig med sommarbeite for å halde graset nede og så gradvis trappe opp beitetrykket om vinteren etter kvart som lyngen kjem i gang.

  • Moderat tilleggsfôring ved behov: Beiteopplegget bør ikkje vere basert på fast tilleggsfôring gjennom heile vinteren. Fast tilleggsfôring kan føre til oppgjødsling av lyngareala sidan ekstra fôring gir meir gjødsel og høve til å ha fleire dyr på same arealet. Ekstra næringstilførsle gir meir grasvekst og fare for at lyngen minkar og forsvinn. I periodar med vanskeleg tilgang til lyng er tilleggsfôring viktig. Dersom beitekvaliteten er slik at dyra treng tilleggsfôring i lange periodar er det for mykje gamal lyng. Kystlyngheia vert då ikkje godt nok skjøtta gjennom beitinga, og tilskot kan ikkje tildelast.

  • Moderne storferasar på vinterbeite i kystlynghei er ikkje tilrådeleg: Slik drift kan gi mykje tråkkskadar. Det vil òg vere behov for stor grad av tilleggsfôring, som bidrar til oppgjødsling av areala, og redusert verdi av naturtypen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP