Tilskot til beiting av kystlynghei (gjeld vinterbeiting av kystlynghei registrert i Naturbase)

Kystlynghei
Kystlynghei (Foto: Fylkesmannen)

Det kan gjevast tilskot for vinterbeiting av kystlynghei som er registrert i Naturbase. Beitinga skal gjennomførast med tilpassa beitetrykk slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra, og at landskapet ber preg av beiting. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmidlar.

Det er krav om minst 3 månader vinterbeiting med tilstrekkeleg og tilpassa beitetrykk. Vinterbeiting er beiting i vinterhalvåret frå september til februar. Areal som er prega av attgroing kan ikkje godkjennast sjølv om det beiter dyr i området.

Den digitale kartløysinga i søknaden tillet diverre ikkje innteikning av areal i felles utmark. Dersom ein ynskjer å søke om tilskot for nye lokalitetar i felles utmark, må søkar difor teikne desse på papirkart og levere til kommunen som legg arealet til i elektronisk søknad. Kartteikningar som er registrerte i elektronisk søknad frå og med 2019 kan derimot, som for alle tiltak, importerast til seinare søknadsomgangar.

For lokalitetar som er registrerte i Naturbase med anna verdi/kvalitet enn «Svært viktig», «Viktig» eller «Lokalt viktig», skal ein nytte tiltaksklassen «Viktig» i søknadsskjemaet. Føretak som skjøttar areal som kan vere aktuelle for dette tiltaket, men som ikkje er registrert i Naturbase, må kontakte kommunen for å få arealet vurdert og lagt inn i Naturbase.

Beitinga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for beiting av kystlynghei under.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Kr 20 per dekar
Inntil 500 dekar per føretak
 
Svært viktig kr 20 per daa
Viktig kr 20 per daa
Lokalt viktig kr 20 per daa
(Vinterbeiting av kystlynghei der landskapet ber preg av beiting og beitinga fremjar kystlyngheia. Det er frå og med 2019 krav om at areala er registrerte i Naturbase som kystlynghei)


Skjøtselsråd for beiting av kystlynghei

Dersom det finst skjøtselsråd for lokaliteten i Naturbase, bør ein følgje desse. Dersom det ikkje finst særskilte skjøtselsråd for lokaliteten, gjeld følgjande generelle rettleiing for drifta, jf krav om at beitinga skal bli gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra:

  • Beitetid: Det er oftast best effekt når beitedyra går i lyngheia heile døgnet, men beitinga kan og vere kombinert med innefôring eller fôring på fôringsplass. Berre sommarbeite er ikkje nok, då dyra i vekstsesongen føretrekk næringsrikt gras. Vinterbeite er naudsynt for å få god nok skjøtsel av kystlyngheia. Tidleg vårbeiting er bra for å hindre oppslag av busker og tre. I område med blåtopp er det viktig med tilstrekkeleg beitetrykk i april/mai.

  • Beitetrykk: Det er viktig at beitetrykket er tilpassa kvaliteten på lyngen. Alderen og utsjånaden på lyngen avgjer kor mykje areal ein treng for kvar sau på vinterbeite. Rettleiande råd kan til dømes vere:

    • Lynghei i moderat til god hevd med noko innslag av grasmark: ca 15 dekar netto lyngmark per vinterbeitande morsau
    • Lynghei i dårleg til moderat hevd: 20-25 dekar netto lyngmark per vinterbeitande morsau. Dette arealet er ikkje tilstrekkeleg dersom lyngen er gamal og grov. I område med gamal lyng bør ein ikkje ha dyr på vinterbeite før ein har brent lyngen.

Ein har ikkje tilsvarande råd om arealbehov for storfe.

  • Brenning: Der det er gamal lyng bør ein svi for å fornye lyngen og sikre god beiteverdi. I tradisjonell drift av kystlynghei inngår både vinterbeiting og lyngsviing. På kystlynghei i drift bør alt arealet vere svidd i løpet av ein 15-årsperiode. På vindutsette plassar ut mot havet og der beitetrykket er høgt, kan lyngen halde seg frisk noko lenger.

  • Dyrevelferd: Det skal vere god dyrevelferd, og husdyrhaldet skal vere i tråd med regelverk for husdyrhald og Mattilsynet sine tilrådingar. Dette omfattar mellom anna løyve for å halde dyr utan tilgang på hus, krav til merking og kor tamme dyra skal vere, tilleggsfòring ved behov og føring av dyrehaldjournal. Ein bør vere varsam med å sleppe sau på vinterbeite i område der lyngen ikkje har vore brent eller beita på meir enn 25 år. I slike områder bør ein først svi for å få opp ny lyng. Etter sviing er det viktig med sommarbeite for å halde graset nede og så gradvis trappe opp beitetrykket om vinteren etter kvart som lyngen kjem i gang.