Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Fylkesmannen styrkar beredskapen for juleribbe  

Nødstraumsaggregatet køyrast ut frå kjellaren i Statens Hus i Tønsberg
Nødstraumsaggregatet køyrast ut frå kjellaren i Statens Hus i Tønsberg Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Når Fylkesmannen no har flytta inn i eit nytt bygg, vart det gamle nødstraumsaggregatet til Fylkesmannen seld til ein svinebonde frå Svarstad. Fylkesmannen vil med salet syte for at aggregatet kan gje eit bidrag til beredskapen for produksjon av mellom anna juleribbe i fylket.

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 15.12.2020

Salet var kunngjort til svineprodusentar og mjølkeprodusentar i Vestfold og Telemark. Juryen med Fylkesmannen, Bondelaget og Skagerak Nett vurderte dei innkomne boda ut frå gardens kapasitet, sårbarheit og tilbodet frå dei som leverte bod. Kjøparen, Kjell Arne Hagen frå Svarstad, driv ein gard kor det har vore til dels mange og langvarige straumavbrot. Dette i lag med storleik på besetninga og tilbodet var avgjerande for juryen sitt vedtak om å selje aggregatet til Hagen.

Fylkesmannen er nøgd med at aggregatet i seg sjølv kan styrka landbruket sin beredskap ved straumavbrot. Me har tidlegare sett at særleg mjølkeprodusentar og svineprodusentar er utsette når straumen ein sjeldan gong vert borte. Me har ei jamn og stabil straumforsyning i fylket, men det er den einskilde næringsverksemda som sjølv må syte for beredskap ved straumavbrot.  Fylkesmannen oppmodar andre næringsverksemder om å tenkje gjennom korleis dei vil handtere kortare eller lengre straumavbrot - er det kritisk for produksjonen bør ein ha beredskap.

Kontaktpersoner