Fylkesmannen styrkar beredskapen for juleribbe  

Når Fylkesmannen no har flytta inn i eit nytt bygg, vart det gamle nødstraumsaggregatet til Fylkesmannen seld til ein svinebonde frå Svarstad. Fylkesmannen vil med salet syte for at aggregatet kan gje eit bidrag til beredskapen for produksjon av mellom anna juleribbe i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2020

Salet var kunngjort til svineprodusentar og mjølkeprodusentar i Vestfold og Telemark. Juryen med Fylkesmannen, Bondelaget og Skagerak Nett vurderte dei innkomne boda ut frå gardens kapasitet, sårbarheit og tilbodet frå dei som leverte bod. Kjøparen, Kjell Arne Hagen frå Svarstad, driv ein gard kor det har vore til dels mange og langvarige straumavbrot. Dette i lag med storleik på besetninga og tilbodet var avgjerande for juryen sitt vedtak om å selje aggregatet til Hagen.

Fylkesmannen er nøgd med at aggregatet i seg sjølv kan styrka landbruket sin beredskap ved straumavbrot. Me har tidlegare sett at særleg mjølkeprodusentar og svineprodusentar er utsette når straumen ein sjeldan gong vert borte. Me har ei jamn og stabil straumforsyning i fylket, men det er den einskilde næringsverksemda som sjølv må syte for beredskap ved straumavbrot.  Fylkesmannen oppmodar andre næringsverksemder om å tenkje gjennom korleis dei vil handtere kortare eller lengre straumavbrot - er det kritisk for produksjonen bør ein ha beredskap.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.