Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.01.2022, Sist endra 28.01.2022

Svikt i kontroll av senger førte til alvorleg pasientskade

Ein mann som falt ut av senga ved Førde sentralsjukehus døydde kort tid etter fallet. I vår tilsynssak har vi kome til at mannen ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. Sjukehuset hadde ikkje gode nok rutinar for kontroll av kvaliteten på sengene.


Publisert 22.12.2021

Utskriving av ruspasienter i pandemien – Helse Bergen si granskning

I tidsrommet 13.-17. mars 2020 vart 17 pasientar brått utskrivne frå Avdeling for rusmedisin. Avgjerda vart kritisert og Helse Bergen bestemte at hendinga skulle granskast. 


Publisert 17.12.2021, Sist endra 21.12.2021

Kommunane må oppretthalde tilbod til barn og unge i pandemien

Tenester til utsette barn og barn og unge med foreldre i samfunnskritiske funksjonar må vere opne og tilgjengelege, og fritidstilbod bør haldast opne så langt det let seg gjere.


Publisert 06.12.2021

Tilsyn med Unicare 12Trinn avdekte alvorleg svikt

Ved undersøkinga i oktober 2021 fann vi at klinikken bryt kravet til forsvarleg verksemd. Pasientar innlagt for avrusing, behandling og rehabilitering får ikkje eit individuelt tilpassa tilbod.


Publisert 04.11.2021

Mann som var sikta for drap hadde fått forsvarleg helsehjelp

I september gjekk ein mann til angrep på to tilsette ved eit Nav-kontor. Statsforvaltaren har vurdert om mannen fekk forsvarleg helsehjelp og oppfølging i åra før hendinga. Vår vurdering er at helsehjelpa frå alle tenestene var forsvarleg.


Publisert 13.10.2021

Leve heile livet-konferansar i Sogndal og Bergen

Leve heile livet inn i ny fase, er hovudtema for konferansane som det regionale støtteapparatet arrangerer i Sogndal 8. november og i Bergen 15. november. 


Publisert 13.10.2021

Ny nasjonal ordning for oppbevaring av journalar ved opphøyr og overdraging av verksemder

Ordninga gjeld frå 1. oktober 2021 og omfattar også innlevering av pasientjournalar ved tap og suspensjon av autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning.


Publisert 11.10.2021

Uforsvarleg handtering av vaksinar

Statsforvaltaren har konkludert i tilsynssaka med fastlegevikaren som vi fekk bekymringsmelding om i mai 2021.


Publisert 06.10.2021

Pasientsikkerhetskonferansen 2021

Pasientsikkerhetskonferansen har som mål å inspirere til arbeid med pasientsikkerheit, reduksjon av pasientskadar og forbetring i helse- og omsorgstenesta. Den går føre seg 3. og 4. november og blir heildigital.


Publisert 30.09.2021

Kartlegging av samhandlinga mellom Nav og kommunane

Statsforvaltaren og Nav fylke skal kartlegge samhandlinga mellom Nav og kommunale helse- og omsorgstenester om personar som treng samtidig og koordinert bistand for å delta i arbeidslivet. Alle kommunar får tilsendt ei spørjeundersøking.