Skogbruk

Oppdatert 20.12.2023

Statsforvaltarens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Statsforvaltaren er også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Statsforvaltaren gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir


Publisert 18.01.2022

Stormskader og barkbillefare

Stormen som rammet Østlandet hardt 19. november, traff også deler av Vestfold og Telemark. Skogen i vårt fylke kom fra det med mindre skadeomfang enn Innlandet og Viken, men lokalt i kommunene Tinn, Hjartdal, Tokke og Vinje er det store skader. De tre kommunene Seljord, Kviteseid og Midt-Telemark har mer spredte skader av lite omfang.


Publisert 06.01.2022

Skogfond til opprydding av vindfall

7 kommunar i Vestfold og Telemark vart råka av stormen 19. november i fjor. Det er viktig at det vert rydda opp i stormskadd skog, både for å hindre angrep av stor granborkbille og for å få opp ny skog.


Publisert 04.01.2022

Stormfelt skog

Landbruksdirektoratets har oppretta ein eiga nettside om stormfelt skog.


Publisert 16.12.2021

Tilskotsordning for gjødsling av skog er evaluert

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Norsk institutt for bioøkonomi har evaluert tilskotsordninga for gjødsling av skog.


Publisert 24.11.2021

Store skogskadar etter stormen – ver varsam!

Stormen som herja nord i fylket 19. november har stadvis ført til store skadar på skogen. Skogeigarar må ta kontakt med profesjonelle for å få rydda opp. Slikt arbeid er farleg! Skogeigarar som har forsikring må melde inn skaden til forsikringsselskapet så snart som råd.


Publisert 11.11.2021

Granborkbiller – rapport frå overvakinga 2021

NIBIO har publisert rapporten «Granbarkbillen – Registrering av bestandsstørrelsene i 2021». Rapporten kan de laste ned her.


Publisert 16.09.2021

Resultatkartlegging og foryngingskontroll 2021

Vi minnar om resultatkartlegging og foryngingskontroll. Det er viktig at kommunane set av tid til feltarbeidet i god tid før snøen kjem. For innrapportering i ØKS for begge ordningane er fristen 15. oktober 2021, sjå årshjulet her.


Publisert 16.09.2021

Resultatkartlegging 2020

Rapport om resultatkartlegginga i skogbruket 2020 er publisert på Landbruksdirektoratet nettside. 


Publisert 15.07.2021

Barkbille- og tørkeskader overvaka av Sentinel – 2 (satellitt)

NIBIO har i samarbeid med ei brukargruppe samansett av AT-skog, Fritzøe skogar og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, utvikla ei nær-sanntid overvaking av bille- og tørkeskadar på gran.


Publisert 21.06.2021

Følg med, skogeigarar!

Mengda granborkbiller i skogane i Vestfold og Telemark er no høgare enn på mange år. Statsforvaltaren og kommunane er bekymra for at vi kan få eit utbrot kor billene drep frisk granskog. Nå ber dei skogeigarane gå ut og skaffe seg oversikt over situasjonen i egen skog.