Melding etter forurensningsforskriften kap. 33 - Forurensning fra produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelementer

Når ein etablerar eller endrar eit anlegg for betongproduksjon skal ein i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren

Publisert 21.12.2023

Forureining frå produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelement er regulert av forurensningsforskriften kap. 33.

Meldeplikt for betongprodusentar

Alle som etablerer eller endrar eti anlegg for produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelement skal i god tid før oppstart eller endring sende skriftleg melding til Statsforvaltaren. Vi har lagd eit skjema som skal brukast til dette.


På skjemaet skal ein informere om verksemda, produksjonsdata, utslepp til vatn, utslepp av støv og støy frå aktiviteten, handtering av produksjonsavfall og forholdet til planar etter plan- og bygningsloven. 

Verksemda kan starte opp, endra eller utvida som det går frem av eiga melding når det er gått 6 veker etter at melding er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, men mindre vi avgjer noko anna.


Gjeld ikkje ferdigbetong på byggeplass

Skjemaet gjeld ikkje utslepp frå produksjon av ferdigbetong på byggeplass og liknande, og heller ikkje for mottak av betongavfall.

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forurensningsloven. Verksemda kan då ikkje starte før eit eventuelt løyve er gitt.

Eksisterande betongprodusentar må og sende inn meldeskjema

Eksisterande betongprodusentar som er omfatta av kapittelet må sende inn meldeskjema innen 1. januar 2024.