Sjekklister ved oversending av klagesaker etter plan- og bygningslova

Skjema med haker
Foto: Stockbilde.

Statsforvaltaren har laga to sjekklister som vi ber om at alle kommunar i Innlandet nyttar når dei sender klagesaker etter plan- og bygningslova til oss for endeleg avgjerd.

Publisert 26.04.2024

Dette har vi gjort då det i dag er stor variasjon i korleis desse sakene er tilrettelagt og kva vedlegg som følgjer med. Alle kommunane har elles fått eit brev der vi gjer nærare greie for dette.

Den eine sjekklista gjeld klageoversending i byggjesak og dispensasjonssak. Den andre skal nyttast ved oversending av klager på reguleringsplanvedtak. Vi har gjeve litt rettleiing i sjekklistene som vi vonar er til hjelp.