Webinar om landbruksbasert næringsutvikling

Dato:
6. september 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge i Innlandet
Målgruppe:
Kommunane og andre som jobbar med landbruksbasert næringsutvikling
Påmeldingsfrist:
5. september 2023 15:00

Vi inviterer til webinar nr. 2 om landbruksbasert næringsutvikling onsdag 6. september. Hovudtema denne gongen blir biogass.

 

Publisert 13.07.2023

Fleire landbrukskontor er involvert i arbeid med å etablere biogassanlegg i sin kommune. Det er snakk om både gardsanlegg og om større anlegg. På webinaret vil vi få høyre om arbeid på dette feltet. Innovasjon Norge sine støtteordningar blir også presentert.

I tillegg får vi høyre om Innlandsporteføljen som vart lagt fram tidlegare i sommar.

Meld deg på under. Vi sender e-post med lenke til Teams til alle påmeldte. 

Bakgrunn for webinarserien om næringsutvikling i landbruket

Mange kommunar jobbar med landbruksbasert næringsutvikling, og det er både nyttig og interessant å høyre kva som skjer rundt i fylket vårt. Målet med webinaret er nettopp å skape ein arena saman med kommunane der vi kan dele erfaringar frå arbeid med landbruksbasert næringsutvikling.

Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltaren saman med fylkeskommunen og Innovasjon Norge arrangerer tre webinar i 2023 med temaet landbruksbasert næringsutvikling. Første webinar vart halde 3. mai, og tredje webinar kjem 22. november.

Dato:
6. september 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge i Innlandet
Målgruppe:
Kommunane og andre som jobbar med landbruksbasert næringsutvikling
Påmeldingsfrist:
5. september 2023 15:00