Regionalt miljøtilskot i jordbruket

Jordbruksføretak i Rogaland kan frå 1. august søkje regionalt miljøtilskot til mellom anna skjøtsel av bratt areal, vedlikehald av turstiar og miljøvenleg gjødselspreiing.

 

Kvart fylke utarbeider 4- årige miljøprogram som set ramma for dei regionale miljøtilskota. Dei fire overordna miljømåla er å:

  • redusere forureining til vatn og luft
  • ta vare på kulturlandskap og kulturminne
  • legge til rette for friluftsliv
  • ta vare på biologisk mangfald.

Jordbruksføretak kan søkje elektronisk eller levere papirsøknad til landbruksforvaltninga i sin kommune.

Her kan du lese meir om regionalt miljøtilskot i Rogaland

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15.10.2018 00:00:00
Målgruppe:
Jordbruksføretak i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
Jordbruksføretak i Rogaland

Kontaktpersonar