FylkesROS for Rogaland er revidert

Omsider har FylkesROSen for Rogaland ifrå 2018 blitt revidert. Det skulle vere ein enkel revisjon, men mykje er skjedd i fylket og i verda sidan 2018, så det tok meir arbeid og tid enn me hadde planlagt.

Publisert 30.06.2023

FylkesROS skal vise risiko-og sårbarheitsbiletet (ROS) for fylket, og vere eit grunnlag for kommunane sitt arbeid med risiko og sårbarheit. FylkesROS er utarbeidd av beredskapsstaben hjå Statsforvaltaren, og er forankra i Fylkesberedskapsrådet, og ein del andre etatar som har bidrege med mange og gode høyringsinnspel.

Kva er nytt?

I tillegg til å oppdatere tal, strukturar, historikk og nytt kunnskapsgrunnlag og hjelpemiddel, har me og søkt å integrere 3 av dei største utfordringane som har kome tydeleg fram som omfattande truslar dei siste åra; Klima, Korona og Krig.

Klima, Korona og Krig

Klima, som risiko, har blitt integrert i dei kapitla det er relevant, noko som gjeld dei aller fleste. Naturkrisa er ikkje like godt innarbeidd i denne versjonen, men velfungerande natur og økologi ligg til grunn for trygge samfunn på mange vis.

Korona-Covid19- viste oss mykje om sårbarheit og korleis ulike hendingar og samfunnsområde heng saman og påvirkar kvarandre. Pandemi er framleis ei av hendingane med størst risiko i Rogaland, men den tar nok ei anna form neste gang me blir råka. 

Krigen i Ukraina har ført med seg store lidingar i krigsområda, store utfordringer i Europa og verda, og mange endringar også for oss i Rogaland. Det gjeld tema som migrasjon og flyktningar, forsyningstryggleik, varetransport, helse og omsorg, høge prisar på varer og energi, meir fokus på tryggleiks- og beredskapsarbeid og auka verdsetting av våre viktige landbruksareal i Norge og i Rogaland.

Interaktive kart

I denne versjonen av fylkesROS Rogaland har me integrert fleire interaktive kart frå Temakart-Rogaland. Desse ligg i pdf-fila som skjermbilete, men me vil legge dei interaktive karta ut på prosjektsida fylkesROS i løpet av sommaren.

Vidare arbeid

Det skal lagast ein ny plan for oppfølging av FylkesROS, der me skal gå gjennom tiltaka på nytt, og rydde i dei som er utførte etter førre runde. Me har og planar om nokre nye scenario.

Me har også laga ein gradert del av fylkesROS, som tar føre seg krig og hybride hendingar. Scenarioa er difor gradert "Begrenset" etter sikkerheitslova og vil kun vere til bruk for dei som har eit tenestleg behov og er sikkerheitsklarert. Denne vil derfor ikkje ligge på internett.

FylkesROS skal vere eit grunnlag for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket, og vi håper det blir flittig brukt. Vi tar gjerne imot innspel på innhaldet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.