Risiko og sårbarheit (ROS)

Risiko er ein kombinasjon av sannsynlegheit og konsekvens for at ei helding skal inntreffe. Sårbarheit kan sjåast som evna ein har til å tåle ei hending/påkjenning.

Risiko- og sårbarheitsanalyser skal utarbeidast på regionalt og kommunalt nivå. Statsforvaltaren skal utarbeide fylkesROS kvart fjerde år. Kommunane skal ha ein overordna heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse, og alle arealplanar for utbygging skal også ha ros-analyse, frå kommuneplan til detaljregulering. Viktige funn frå risiko-og sårbarheitsanalysane skal følgast opp i vidare planarbeid med førebyggjande og risikoreduserande tiltak. ROS-analysar skal ligge til grunn for arealplanlegging, kriseberedskap, tilsyn og øvingar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 30.06.2023

FylkesROS for Rogaland er revidert

Omsider har FylkesROSen for Rogaland ifrå 2018 blitt revidert. Det skulle vere ein enkel revisjon, men mykje er skjedd i fylket og i verda sidan 2018, så det tok meir arbeid og tid enn me hadde planlagt.


Publisert 16.02.2021

Korona i Temakart-Rogaland

Folkehelseinstituttet (FHI) har lagt til rette så vi kan vise ein del tal og statistikk relatert til Covid-19 på kartportalen vår Temakart-rogaland. Statistikken får vi dagleg frå FHI, og tala på registrerte smitta blir automatisk oppdaterte kvar dag. Det gjeld også talet på vaksinerte.


Publisert 13.01.2021

Kvikkleire i Rogaland?

Etter det store kvikkleireskredet i Gjerdrum er det mange som stiller seg spørsmålet om slike skred kan gå også i Rogaland. Historia og geologien viser heldigvis at vi er mykje mindre utsette for dette her i vest. Vi må likevel vere klare over at det finst marin leire i grunnen også her, som kan føre til kvikkleireskred i verste fall.


Publisert 20.04.2018

Ny rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har kome med ein ny rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt.


Publisert 23.03.2018

Ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har no utarbeidd ein ny FylkesROS. FylkesROS blei laga første gong i 2008. Denne skal gi oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter i fylket. Fylkesmannen trekker spesielt fram ekstremt vêr og klimaendringar, radioaktiv stråling, smittsam dyresjukdom, stor ulykke med mange skadde og tilsikta/hybrid hending.


Publisert 14.03.2013

Farar ved farekartlegging

For ein månad sidan (nettartikkel 12. februar 2013) kåra Stavanger Aftenblad Utsira til "Rogalands farligste sted". Denne påstanden er basert på kart over sårbarheit som forskarar ved NTNU har laga. I same artikkel får Stavanger status som den tryggaste kommunen i Rogaland. Fylkesmannen meiner at Utsira ikkje er spesielt farleg, og at kunnskapsgrunnlaget desse påstandane er baserte på er mangelfulle.