Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland i 2016

Beitesesongen i Rogaland vart i 2016 prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 573 995,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2016.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2016

Me fekk 29 søknadar om erstatning, og desse søkar om erstatning for 285 lam/sau som er tatt av jerv, 65 lam/sau tatt av kongeørn og 46 lam/sau tatt av gaupe. Totalt er det søkt erstatning for 396 lam/sauer drepen eller skada av store rovdyr.

Flest søknadar kjem frå sauebesetningar som beiter i Bjerkreim, Suldal og Odda kommunar, resten kjem frå Eidfjord, Eigersund, Gjesdal, Hjelmeland, Sirdal og Vinje.

I alt 82 kadaver mistenkt drepen av freda rovdyr er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2016. Av desse er 16 lam dokumentert som truleg drepen av jerv i Suldal kommune, 14 lam og 1 sau er dokumentert som truleg drepen av kongeørn (i Bjerkreim, Eigersund, Sokndal og Vindafjord kommunar), og eit lam er dokumentert truleg drepen av gaupe i Gjesdal.

Dei andre kadavera er anten drepne av hund, rev, ikkje rovdyr, ulykke, sjukdom eller at det er ein usikker årsak.

I tillegg er det 47 lam frå Rogaland som er dokumentert som truleg drepen av jerv i Odda kommune, eit lam som er dokumentert som truleg drepen av gaupe i Etne kommune og ein sau som er dokumentert truleg drepen av kongeørn i Hol kommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar