Sniktitt på den nye raudlista 2015

Artsdatabanken lanserer den nye raudlista mot slutten av 2015, men allereie no kan du gå inn å sjå på dei førebelse resultata.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2015

Gå til Innsyn i raudlista for artar 2015 (ope frå 2. mars til 20. april)

Denne innsynsløysinga er som nemnt førebels, og har eit litt avgrensa brukargrensesnitt. Til dømes kan ein ikkje sjå fleir enn 30 artar av gangen, og ein må bruke filteret for leite fram dei artane du ønskjer å sjå på. For å samanlikne status for den gjeldande raudlista (av 2010), kan du gå inn på denne innsynsløysinga.

Eit viktig verktøy for forvaltinga

Artsdatabanken leiar arbeidet med raudlista, som blir revidert kvart femte år. For å oppdatere status på dei 21 000 artane som er vurdert, er det satt opp 24 ekspertkomitéar, som består av over 100 ekspertar på dei ulike artsgruppene. Raudlista er ein vekting av dei artane som krev særskilt omsyn, og eit viktig verktøy for ein kunnskapsbasert forvalting av norsk natur. Ein art er trua dersom den er kategorisert som anten kritisk trua (CR), sterkt trua (EN) eller sårbar (VU). Artar i desse tre kategoriane, saman med nær trua (NT) kan seiast å vere raudlista.

Mange artar med endra status

Blant artane som har auka status er gjøk, blåstrupe, lirype og fjellrype. Desse ligg an til å gå frå livskraftig (LC), til nær trua (NT). Grunngjevinga er at bestandane er minska med ein tredel på dei siste ti åra. Andre artar har fått redusert status, slik som mellom anna ål. Ålen står oppført som kritisk trua (CR), og vart freda for fiske i 2010. No ligg ålen an til å få status sårbar (VU), altså to kategoriar ned frå tidlegare. For at ein art skal falle to kategoriar på ein revidering, må det det liggje til grunn ein betydeleg minsking av den negative trenden. Dersom dette er tilfelle for ålen, er det ein gladsak. Det motsette er tilfelle for vipa, som ligg an til å gå frå nær trua (NT) til sterkt trua (EN). Vipa har hatt ein sterkt nedgang dei siste 20 åra. Norsk ornitologisk forening (NOF) melder om minst 75 % færre hekkande viper i 2012, samanlikna med 2004. Åkrane på Jæren er svært viktige for vipene, og kvar vår vert mange vipereir øydelagt av maskinar.

Vipe i flukt. Foto: Jan Kåre Ness.
Vipe står som nær trua, men blir trolig satt opp til sterkt trua. Foto: Jan Kåre Ness.

 

Ønskjer tilbakemelding

Ved å gå inn på innsynsløysinga (se lenke over) kan du gje tilbakemelding dersom du sit på kunnskap om ein art som ikkje er godt kjend. Under kvar art er det eit skjema som kan fyllast ut, dersom du har synspunkt på grunngjevinga. Ein god måte å sjekke utbreiinga til norske dyre- og planteartar, er å gå inn på Artskart. Der kan du søkje på anten spesifikke artar, eller du kan søkje på raudlisteartar i ulike kategoriar. Du kan óg avgrense søket geografisk.

Vi ventar spent på den endelege versjonen av raudlista som etter planen ligg føre november seinare i år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.