Nettkurs i naturmangfaldlova

På nettsidene til Miljødirektoratet kan tilsette i kommunar og andre interesserte ta e-læringskurs om kapittel 2 i naturmangfaldlova. Kurset handlar om kva krav som blir stilt til offentlege avgjerder gjennom naturmangfaldlova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2013

Kurset er laga spesielt med tanke på sakshandsaming i kommane og er lagt opp slik at det vil vere nyttig også for andre styresmakter som tek avgjerder om naturen. Du vil få innblikk i korleis dei miljørettslege prinsippa skal brukast i sakshandsaming.

Logg deg inn på sidene for å få tilgang til kurset (sjå "relaterte lenkjer" i høgremenyen) - Det er heilt gratis og tek om lag 1,5 time å gjennomføre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.