Naturtypekartlegging og kartlegging av verna område sommaren 2012

Det vil i sommar gå føre seg fleire typar naturkartlegging i fylket. Tid for kartlegging vil vera avhengig av framdrifta i arbeidet, vær m.m. Vi vil derfor orientera grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2012

Naturtyperkartlegging
BioFokus vil gjennomføra naturtypekartlegging (etter handbok 13, Direktoratet for naturforvaltning) utanom verneområda i Hjelmeland, Forsand, Gjesdal og Sandnes, i hovudsak i låglandet.
Ecofact vil gjennomføra slik kartlegging i Randaberg, Lund, Eigersund og delar av Sandnes, i hovudsak i låglandet.

Det vil bli lagt særleg vekt på naturtypar som er vedtekne eller er til vurdering som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Dette gjeld m.a. store/hole eiker, slåttemark (vedtekne), kystlynghei og haustingsskog (til vurdering). Det er høve til å søka tilskot for å ta vare på desse frå Direktoratet for naturforvaltning eller gjennom Regionalt miljøprogram i landbruket. Det er og tilskotsordningar innan landbruket til skjøtsel, m.a. av kystlynghei og naturbeitemark.

Kart og faktaark av område som er kartlagt tidlegare finst tilgjengeleg på kartportalen Temakart Rogaland/Biologisk mangfald/Prioriterte naturtypar. Innspel om store/hole eiker i kulturlandskapet vil bli fylgt opp så langt råd også utanfor dei nemnte områda.

Vi mottek gjerne framlegg til område som bør kartleggast og vil då vurdera om dei kan dekkast alt i år.

Kartlegging av naturtypar i verna område
Ecofact gjennomfører kartlegging av naturtypar (etter NIN-Naturtypar i Noreg) av 24 verneområde i søre del av fylket nord til Hjelmeland.

Spørsmål om desse kartleggingane kan rettast til:
Per Kristian Austbø, E-post per.kristian.austbo@fmro.no 922 88 785 eller
Audun Steinnes, E-post sasteinnes@gmail.com 928 07 901

Rådgivende Biologer AS kartlegg verdiar for biologisk mangfald og betre skjøtsel i Frafjordheiane landskapsvernområde på oppdrag frå Verneområdestyret.

Spørsmål kan rettast til:
Alf Odden, e-post alf.odden@fylkesmannen.no 480 44 583

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.