Opptak av webinar: Slik kan kommunane i Rogaland stille klimakrav i offentlege innkjøp

Gjekk du glipp av webinaret? Då kan du sjå det i opptak her. Offentlege innkjøp utgjer om lag 16 prosent av totalt klimafotavtrykk i Noreg, og det er klare forventingar til at kommunane og andre offentlege instansar stiller miljø- og klimakrav når dei kjøper inn varer og tenester.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2021

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, DFØ er fagorgan for offentlege innkjøp. Dei har gode verktøy som kommunane kan bruke. Mellom anna har dei nyleg oppretta ein "sparretelefon for bærekraftige anskaffelser". Høyr Christian Tangene og andre aktørar fortelje meir om grøne innkjøp i webinaret. 

 

 

Program 

Velkomen ved statsforvaltar Lone Merethe Solheim

Klimafloka i offentlege innkjøp

På oppdrag frå Klimapartnere Rogaland og i samarbeid med DFØ undersøkte studentar flaskehalsane med grøne offentlege innkjøp. Regionleiar i Klimapartnere Rogaland, Anne Marie Lofthus, presenterer funna i rapporten.

Slik kan kommunane sette klimakrav i offentlege innkjøp

For kommunane er klima- og miljøkrav spesielt relevant for transport, bygg, anlegg og eigedom (BAE), mat og måltidstenester, plastprodukt, møbler m.m. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) rettleiar og hjelper kommunane med konkrete verktøy og råd. Vi høyrer frå Christian Tangene i DFØ.

Innovasjon i kjølvatnet av offentlege innkjøp

Stig Bang-Andersen jobber med Nasjonalt program for leverandørutvikling, LUP. Han gir oss ei kort innføring i kva dei gjer, og korleis dei kan hjelpe stat og kommune til å vere ein pådrivar for innovasjon gjennom offentlege innkjøp.  

Erfaringar med grøne innkjøp i kommune-Noreg

På Haugalandet samarbeider kommunane om "Klimasats" for å stille miljøkrav i sine innkjøp. Vi høyrer frå primus motor Anja Kjellesvik-Kristiansen som jobber i innkjøpsavdelinga i Karmøy kommune.  

I Agder samarbeider kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornes, Iveland, Vennesla, Åseral og Birkenes om å systematisere arbeidet med å sette klimakrav i sine anskaffingar. Prosjektleiar for "Klimavennlige anskaffelser på Indre Agder" Roy Akselsen gir oss eit innblikk i satsinga. 

Webinaret var ein del av Statsforvaltaren i Rogaland si berekraftveke, og blei arrangert i samarbeid med Klimapartnere Rogaland og Grønn by

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.