Omsetning av mineralgjødsel i Rogaland i 2023

Ulike jordbruksvekstar og mineralgjødsel
Ulike jordbruksvekstar og mineralgjødsel Foto: Nono Dimby.

Sidan bøndene i Rogaland kjøpte 40 250 tonn mineralgjødsel i 2023 mot 62 690 tonn i 2021, ble innkjøpt mineralgjødsel redusert med 36% i høve til 2021. Nedgangen i skuldast i hovudsak lågare import av mineralgjødsel og prisauke på mineralgjødsel.

Publisert 27.02.2024

Redusert mengde omsett mineralgjødsel i 2023

Omsett mengde mineralgjødsel som berre innehaldt nitrogen var på 25 000 tonn i 2021. I 2023 var salet på 11 600 tonn, dvs. ein nedgang på 53% i høve til 2021. Mengde omsett fullgjødsel av alle slag med unntak av fullgjødsel 25-2-6 ble vesentleg redusert i 2023 samanlikna med 2021. Salet av korngjødsla 22-3-10 stansa nesten opp og kornbøndene gjekk over til å nytte fullgjødsla 17-5-13 til gjødsling av korn.

Bruksområde

Fullgjødsel

2021
(tonn)

2023
(tonn)

% endring

Potet

12-4-18

1 700

1 200

- 29,4 %

Eng og beite

18-3-15

2 400

1 300

- 45,8 %

22-2-12

3 200

2 500

- 21,9 %

25-2-6

5 900

6 100

3,4 %

Eng, beite og korn

27-3-5

1 200

900

- 25,0 %

Korn

22-3-10

2 500

200

- 92,0 %

17-5-13

-  

1 300

100,0 %

Kjelde: Mattilsynet, mineralgjødselstatistikk 2020-2021 og 2022-2023

Nedgang i næringsstoff kjøpt gjennom mineralgjødsel i 2023

Nedgangen i omsett mineralgjødsel i 2023 samanlikna med 2021 viser tilsvarande reduksjon i total mengder av nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsla. Nitrogen ble redusert med 44%, fosfor med 18% og kalium med 38%. Delar av Rogaland fekk forsommartørke etterfulgt av periodar med mykje nedbør i 2023. Det er difor vanskeleg å anslå om reduserte kjøp av mineralgjødsel påverka plantevekst og avling i vekstsesongen 2023.

Omsetning av næringsstoff 2021 - 2023

Oppretthalde avlingsnivå med redusert gjødsling?

Med redusert gjødsling vil næringsavrenning til vassdrag blir redusert. Å sikre og leggja til rette for gode vekstvilkår for kulturplantene er, og blir særs viktig framover. God jordkultur, riktige drenerings-tiltak, kalking og gjødsling med husdyrgjødsel innanfor regelverket er viktige og førebyggjande tiltak for å sikre god plantevekst.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.