Meld deg på Landbrukskonferansen 2024 no!

Det er framleis mogleg å melde seg på Landbrukskonferansen 4. mars 2024. 

Frist for å melde seg på er 26. februar!

Publisert 15.02.2024

No nærmar det seg årets Landbrukskonferanse!

Måndag 4. mars kan du få fagleg påfyll, møte gamle kjenningar og nye bekjentskap på IMI Forum Stavanger. Målgruppa for konferansen er folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i landbruksforvaltning og næringar som jobbar for landbruket.

Lenke til påmelding: Påmelding til Landbrukskonferansen 2024 (deltager.no)

Konferansen har me kalt «Matforsyning og beredskap – Rogalandsbonden er viktig!» og programmet er som følgjer:

Matforsyning og beredskap - Rogalandsbonden er viktig!

Konferanseleiar: Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (redaktør i Bondevennen)

08.30 Registrering og servering, te, kaffi og wraps
09.00 Velkomen ved Ole Ueland (H), fylkesordførar
09.10 Ny gjødselvareforskrift, dyrevelferdsmelding og anna aktuelt. Geir Pollestad (SP)landbruks- og matminister LMD

Beredskap og teknologi

09.50  Matforsyning som viktig del av beredskapen. Tone Grindland, regiondirektør i NHO Rogaland
10.15 Pause 
10.35 Genteknologi - matforsyning og berekraft. Sigrid Bratlie, prosjektleiar genteknologi i NCE Heidner Biocluster
11.25 Spørsmål frå salen.
11.30 Agritech-klynga - teknologi og innovasjon i landbruket. Gunnar Crawford, klyngeleder Agritech Nordic Edge
11.45 Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland

 Bonden i sentrum

12.45 Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Monica Dahlmo, styreleiar i Rogaland Landbruksselskap
13.00 Bedre dyrevelferd, alle må med. Guro Myhrene, fung. avdelingssjef Mattilsynet Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord
13.25 Timpelen Ku i Sola kommune - tradisjonelt landbruk med søkjelys på lønnsam drift, god dyrevelferd og avl. Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen
13.50 Pause

Landbruk i heile Rogaland

14.10

Korleis vidareutvikle landbrukskommunen Stavanger. Henrik Halleland (KrF), varaordførar i Stavanger kommune

Landbruk i Rogaland - moglegheiter sett frå Stortinget. Ingrid Fiskaa (SV), stortingsrepresentant

14.35 Korleis sikre og auke matforsyninga i heile fylket? Ståle Hustoft, leiar Rogaland Bondelag
14.50 Kort oppsummering av dagen ved konferanseleiar
15.00 Takk for i dag. Vel heim!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.