Bondens nettverk etablert i fleire kommunar

Bondens nettverk er eit sikkerheitsnett for bonden satt i system. Føremålet er og ha et nettverk klar der bonden står i spesielt krevjande situasjonar, for å forebygga psykisk uhelse. Eit nettverk er etablert i både Strand og Hjelmeland kommune, og fleire andre er i gong.

Publisert 04.10.2023

Bondens nettverk

Bondens nettverk er organisert av  Norsk Landbruksrådgiving (NLR), og er ein systematisk arbeidsmetode der føremålet er å forebygge psykisk uhelse i landbruket. Nettverket er ei lita gruppe med aktørar som kan kontaktast av bonden eller andre som er uroa for bonden.

Dette er eit verktøy i verktøykassa - men vi treng at fleire er med seier Anita Jensen, HMS rådgivar i NLR. Anita Jensen fortel at erfaringar visar at forankring i kommunane er avgjerande. Kommunane er viktige partnarar i nettverket fordi dei er ein stabil aktør som kjenner landbruket og som bonden kjenner til, seier Jensen. Kommunane si oppgåve er å vedlikehalda nettverkslistene og sørgje for at desse blir oppdatert. Nettverket skal bestå av bestemte personar, men kan i enkelte tilfelle væra organisasjonar/ tenester ifølge Jensen. 

Ikkje ein vaktordning

Nettverket skal ikkje vera tilgjengeleg 24/7. Nettverket skal aktiverast ved behov. Jensen understreker at nettverket berre blir aktivisert om bonden har godteke det.

Bondens nettverk er etablert i Hjelmeland kommune

Anne Kari Skogerbø frå landbruksforvaltninga i kommunen er ein del av nettverket som no er etablert i Hjelmeland. I tillegg til Jensen frå NLR, består nettverket av personar frå helsetenesta i kommunen, Hjelmeland bondelag og Hjelmeland Sau og geit. Nettverka er ulike frå kommune til kommune. Anne Kari Skogerbø fortel at det i Hjelmeland var naturleg å ha Sau og geit med. Videre fortel hu at dei ser positivt på å ha eit slikt nettverk i kommunen.

Fleire kommunar er i prosess.

Jensen fortel at arbeidet med å etablera eit nettverk i Stavanger kommune er heilt i sluttfasen, og at det er starta opp dialog med kommunane på Jæren og på Haugalandet. Ein treng ikkje å være medlem i NLR for å nytta seg av nettverket.

Du kan lesa meir om Bondens nettverk på nettsidene til Norsk Landbruksrådgiving.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.