Søknad om produksjons- og avløysartilskot 2018 – endra praktisering av søknadsfristen

Fristen for å søkje produksjons- og avløysartilskot er forlenga fram til og med 29. oktober 2018. Dette gjeld også dei som var for seint ute med søknad innan fristen 15. mars, då det i år er opna for at dei no kan levere søknad innan 29. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2018

Landbruks- og matdepartementet har bestemt at dei skal sjå på praktiseringa av søknadsfristane for søknad om produksjonstilskot frå 2019. Før eventuelle endringar, har LMD bedt Landbruksdirektoratet praktisere søknadsfristane i 2018 meir fleksibelt.

Kort oppsummert

Praktisering når det gjeld del 2 av søknaden for 2018:

  • Føretak kan levere del 2 av søknaden elektronisk eller ved papirskjema innan 29. oktober 2018

Praktisering når det gjeld del 1 av søknaden for 2018:

  • Føretak som ikkje leverte del 1 av søknaden innan fristen, kan no levere denne fram til 29. oktober, søknaden må leverast på papirskjema
  • Føretak som har levert del 1 innan fristen, kan leggje til eller endre opplysningar fram til 29. oktober, papirskjema må nyttast

For meir informasjon, sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet og rundskriv 2018-42.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.