Få bønder fekk trekk i produksjonstilskotet i 2018

I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2018. 143 føretak i Rogaland har fått eit eller fleire trekk i tilskotet av ulike årsaker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2019

Landbruksforvaltninga trekk i tilskotet dersom føretaket manglar gjødselplan eller sprøytejournal. Forvaltninga kan òg trekke i tilskotet dersom det er slått fast brot på anna regelverk. Dette kan til dømes vera at Mattilsynet har slått fast brot på regelverka dei forvaltar, eller at kommunen har slått fast brot på gjødselvareforskrifta. Dessutan kan kommunen trekka i tilskotet dersom det er gitt feilopplysningar i søknaden.

Ulike årsaker til trekk i produksjonstilskot

4163 føretak søkte om produksjons- og avløysartilskot for 2018. 3,4 prosent av søkjarane fekk trekk i tilskotet av ei eller fleire årsaker. Det er verdt å merka seg at dette er førebelse tal, fordi nokre har klaga på dette trekket, og desse klagane er ikkje avgjorde enno.

  • 34 føretak har fått eit trekk i tilskotet grunna manglande eller ufullstendig gjødselplan. Fem føretak har fått eit trekk i tilskotet fordi dei ikkje har hatt ein journal over plantevernmidlane som var brukt.
  • 33 føretak har fått eit trekk for brot på regelverket for dyrevelferd.
  • 10 føretak har fått eit trekk i tilskotet fordi kommunen har slått fast brot på anna regelverk. Nokre av desse sakane gjeld brot på gjødselvareforskrifta, dette kan til dømes vera spreiing av gjødsel utanom sesongen eller lekkasjar frå gjødsellager der det ikkje snarleg er gjort tiltak for å stoppa dette.

Til slutt har kommunane trekt i tilskotet til 81 føretak fordi dei har gitt feilopplysningar i søknaden. Det er ikkje mange sakar der kommunane meiner føretaket har gjort feil med vilje for å få utbetalt meir tilskot enn dei har krav på. Dei aller fleste av desse sakane er misforståingar av regelverk og søknadsskjema. Likevel blir det stilt høge krav til at den som søker om tilskot sett seg inn i gjeldande regelverk. Normalt blir det trekt i tilskotet dersom det visar seg at det er gitt opplysningane i søknaden som ikkje stemmer, og som ville ha ført til ei høgare utbetaling enn det som var rett.

Kor mykje blir trekt?

For manglande gjødselplan er normen at det blir trekt 20 prosent av areal- og kulturlandskapstilskotet. Den same normen gjeld tilfelle der føretaket manglar journal over plantevernmidlar som er brukt. Ved mangelfull plan/journal trekkast inntil 20 prosent av areal- og kulturlandskapstilskotet.

Dersom det er konstatert brot på anna regelverk, vil storleiken på trekket mellom anna vera avhengig av alvoret i saka, og om det har vore brot på same regelverk fleire gonger eller over lang tid. I tilfelle der det er gitt feilopplysningar er hovudregelen at forvaltninga skal trekka eit beløp likt den meirutbetalinga feilopplysninga ville ført til.

 

Feil i tal søknadar om produksjonstilskot er retta 16. mai 2018.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar