Dispensasjonar for produksjonstilskot

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå reglane i forskrift om produksjonstilsot i jordbruket. Det skal i kvart enkelt tilfelle vurderast om det ligg føre tilstrekkelege grunnar til å innvilge dispensasjon eller ikkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2019

Fylkesmannen kan gi dispensasjon når det vil vere urimeleg at søkjar ikkje kan gis tilskot, for eksempel i ein oppstartperiode. Søkjar skal sende søknad om dispensasjon til kommunen som gir uttale i saka og sender saksdokumenta over til Fylkesmannen for avgjerd. Det skal i kvart enkelt tilfelle vurderast om det ligg føre tilstrekkelege grunnar til å innvilge dispensasjon eller ikkje. Statens landbruksforvaltning er klageinstans.

  • Det kan gis dispensasjon frå kravet til ein omsetnad på kr 20.000,-. Dersom ein søkjar på registreringsdato har tilstrekkeleg med areal og/eller dyr til at han vil koma opp i ein omsetnad på minimum kr 20.000,- gjennom sal av slakt, mjølk, korn, frukt, bær osv., vil det vere rimeleg å innvilge dispensasjon. Dei fleste dispensasjonssøknadene gjeld omsetningskravet.
  • Det kan gis dispensasjon frå søknadsfristen når forhold utanfor søkjar sin kontroll kan føre til at søkjar ikkje er blitt registrert som føretak i Einingsregisteret innan søknadsfristen. Det vil for eksempel vere rimeleg å gi dispensasjon til føretak som har søkt om registrering i Einingsregisteret i rimeleg tid før søknadsfristen. Søkjar må kunne dokumentera at registreringsmelding er sendt til Einingsregisteret i rimeleg tid før søknadsfristen.
  • Det skal ikkje gis dispensasjon dersom søkjar har gløymt å sende inn søknaden, har reist på ferie osv.
  • Det skal ikkje gis dispensasjon fordi søkjar hevdar at han ikkje kjenner til reglane i forskrifta. Det er søkjar sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om dei til ei kvar tid gjeldande reglane.
  • Det skal ikkje gis varige dispensasjonar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar