Kortreiste juletre

Fjelledelgran frå Hjelmeland på landbruksavdelinga sitt møterom. Foto: Atle Aasberg Hellumbråten

Rogaland er fylket med størst juletreproduksjon i heile landet, og produsentane  melder inn rundt 70000 juletre årleg. Det er ikkje alle produsentar som melder inn juletresalet, så det eigentlege talet er truleg større.

Publisert 15.12.2023

Eit lokalprodusert juletre er kortreist med låge utslepp. I tillegg bidreg lokalproduserte juletre til verdiskaping i distrikta nær deg. Fleire kommunar har innsamling av juletre som ein del av renovasjonen slik at innbyggarane kan levere juletrea etter bruk med godt samvit. 

Det blir produsert mykje juletre i Rogaland, så moglegheitene er store for å få tak i eit kortreist juletre. Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren har juletre som er produsert i Hjelmeland kommune. Hugs å spørje om kvar juletreet er produsert.  God Jul!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.