Ei proppfull veke med økoarrangement

ØKOUKA i Rogaland går av stabelen frå 24. september til 1.oktober 2016 i Stavanger og på Haugalandet. Vil du lære å bake surdeigsbrød? Høre om urbant landbruk? Besøke ein økologisk gard? Du har over 20 arrangement å velje i!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2016
Program for ØKUKA i Rogaland finn du på heimesida okouka.no eller på facebook Økologisk Rogaland.

ØKOUKA byr på mange ulike matkurs, debattar, gardsbesøk, sosiale møteplassar og fleire andre arrangement. Vi ønsker å vise fram økologiske produkt og gardar, formidle kunnskap om matlaging med økologiske råvarer og engasjere gjennom foredrag.
 
ØKOUKA i Rogaland blir koordinert av Oikos Rogaland med bidrag frå mange ildsjeler og støtte frå Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.