Kven bør få Rogaland landbruksselskap sin heiderspris 2020?

Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente. Frist for å melde inn forslag er 2. desember 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.10.2020

Ved vurdering av kandidatane blir det lagt vekt på kriteria nedanfor.

  • Har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet
  • Har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland
  • Har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag
  • Er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling avkulturlandskapet
  • Har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og/eller gris-/fjørfehus
  • Har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode 
  • Utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust

Frist 2. desember

Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sitt diplom og eit kunstverk.
Både einskildpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar.
Frist for å kome med forslag er sett til 2. desember 2020.


Forslag skal sendast til Rogaland landbruksselskap,
postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger
eller på e-post til fmrobeh@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar