Godt oppmøte på vipedag

Godt oppmøte på fagdag om vipe på Undheim
Godt oppmøte på fagdag om vipe på Undheim Foto: Tonje Rostad Solhus.

Vipedagen blei ein sukess med godt oppmøte og mykje god diskusjon. 

Publisert 22.03.2024

Tysdag 19. mars blei det gjennomført fagdag om vipa på Undheim samfunnhus. Det var godt oppmøte, med over 40 deltakarar. Dagen bestod av mykje godt fagleg innhald og diskusjon om temaet. Hedda Haugland og Tonje Rostad Solhus frå Statsforvaltaren ynskja alle saman velkomne og fortalte om tilskot som ein kunne søkje på for å verne om vipa.

Frode Falkenberg frå BirdLife Norge kom for å fortelje om vipas status i Noreg, og kva som forklarar den negative utviklinga i vipe bestanden. I tillegg fortalte Falkenberg om tiltak og pågåande prosjekt, deriblant vipebur som vern for predatorar. Deltakarane stilte gode spørsmål og peika på utfordringar dei ser vipa står ovanfor.

Jæren Jakt- og Fiskerlag ved Stian Eikåsen fortalte om jakt og fangst på predatorar på vipa, og påpekte dei utfordringane han så vipa sto ovanfor. 

Etter ein god lunsj, stod neste del av programmet for tur. Trass dårleg vær blei det gjennomført demonstrasjon av vipedisk og bruk av slepeslange ved Agromiljø. Traktor og Landbruk viste frem sitt utstyr.

Vipedagen blei eit vellykka arrangement, med mykje bra innspel og god drøs mellom vipe-interesserte.  

Utendørs demonstrasjon av gjødslingsutstyr og bruk av vipedisk ved slepeslange under vipedag 2024
Utendørs demonstrasjon av gjødslingsutstyr og bruk av vipedisk ved slepeslange under vipedag 2024 Foto: Tonje Rostad Solhus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.