Vil du jobba med denne engasjerte og dyktige gjengen?

På biletet er heile landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland samla ute.
Landbruksavdelinga vår skal ha ny leiar. Det er ein triveleg og dyktig gjeng! Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

LEDIG LEIARSTILLING: Landbruksdirektør Geir Skadberg gjekk av med pensjon i sommar. Det betyr at me er på jakt etter etterfølgjaren hans. Er det deg?

Publisert 04.10.2023, Sist endra 04.10.2023

Du får i så fall ansvaret for å leia landbruksavdelinga vår, men du er ikkje åleine om det. Anfinn Rosnes er assisterande landbruksdirektør, og det skal han halda fram med. I lag med Rosnes, dei andre leiarane i embetet – og ikkje minst alle dei engasjerte medarbeidarane i avdelinga og embetet, skal me sørga for at du får god støtte og finn deg raskt til rette i jobben.

Kven jobbar du med i det daglege?

Som landbruksdirektør har du mange kontaktpunkt. Du jobbar du tett med kommunane i Rogaland, fylkeskommunen, statlege etatar, landbruksorganisasjonar og andre regionale aktørar.

Mange og viktige oppgåver

Rogaland står for ein betydeleg del av norsk landbruksproduksjon, og Statsforvaltaren har viktige oppgåver knytt til gjennomføringa av nasjonal landbrukspolitikk. Landbruksavdelinga jobbar aktivt med både matproduksjon, beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraft.

Du er ein del av leiargruppa i embetet

Landbruksdirektøren er også ein del av leiargruppa hos Statsforvaltaren – og har dermed også eit godt blikk for heilskapen i embetet.

Bent Høie er øvste leiar for Statsforvaltaren i Rogaland.

Les meir og søk stillinga her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.