Jærbonde tar øko-sats

Olav Røysland har investert fire millionar kroner for å kunna dyrka økologiske bær.
Olav Røysland har investert fire millionar kroner for å kunna dyrka økologiske bær. (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

Olav Røysland har mange jern i elden. Siste skot på den grøne stammen er øko-bær. Nå midt i juli bognar det med raude jordbær, og mot slutten av månaden kjem bringebæra for fullt.

Den innovative bonden prøver stadig ut nye produkt på garden. Nå gjeld det vekstmedium, sortar og dyrkingsmetodar i dei nye tunnelane ved garden hans på Voll i Klepp.

Først i Rogaland med økobær

Jordbærsesongen har vart ei stund, og nokre sortar som korona er ferdige for i år. Bæra til Olav kjem derfor seint på marknaden, og det skuldast forsinka oppstart med tunnelane og utplanting. Han trur at forbrukarane vil ha dei økologiske bæra og er ikkje redd for å brenne inne med avlinga. Han valde sortane salsa og sonata, fordi dei er sterkare mot sjukdom enn andre sortar på marknaden. Produksjonen er godkjend som økologisk av Debio, og den nye verksemda heiter Bærå.

(Saka held fram under biletet)

Jærsk gründerånd

Det starta i fjor med nokre tankar om å produsere meir frukt og grønt. Saman med forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Sørheim har han testa ut bruk av biorest frå Jæren biogass som vekstmedium for bær. Til dette har han fått forskingsmidlar frå VRI (verkemiddel for regional innovasjon).

Olav driv med svineproduksjon og eig Jæren biogass. Her blir husdyrgjødsla separert og foredla. I denne samanhengen blir den faste delen brukt til vekstmedium og den blaute delen til gjødsling.

Prøving og feiling høyrer med i eit forsking- og utviklingsprosjekt. Kva for ei blanding passar best? Kor mykje vekstmedium trengs? Kor store må pottene vere? Kor mykje gjødsel og vatn må plantene ha? Korleis blir avlingane? Smaker bæra godt?

Vi har ein mistanke om at Olav trivst særs godt når han får vere med og teste ut nye ting. Han er litt som Pippi: «Dette har eg ikkje gjort før – så det får eg til!».

Tøff investering

Olav Røysland har investert fire millionar kroner i 9,5 daa med tunnel, derav 8 daa med jordbær, resten med bringebær. Innovasjon Norge har gitt støtte til investeringane.