Vinnarane av vipekonkurransen er trekt!

Vinnar av vipekonkurransen 2023

Me fekk inn 33 observasjonar av vipe og den tilfeldige vinnaren av lokal matkorg frå Jæren er Mette Haugland, me gratulerer! Me har og trekt 3 vinnarar av vipekopp og gratulerer Harald Fjogstad, Torhild Narvestad Anda og Torborg Berge! 

Publisert 22.05.2023

Mette har sendt inn eit bilete av ein flokk på sju viper i snøver på Årsvoll i Sandnes. Bilete dokumenterer godt situasjonen me fekk i år. Like etter at vipa kom til landet fekk me eit kaldt ver og snø. Dette gjorde truleg at mange viper måtte utsetja egglegginga. Situasjonen var gjeldande for viper i heile landet.

Det er kjekt at me har fått god geografisk spreiing på innsendte observasjonar. Me har fått inn observasjonar frå kommunane Hå, Time, Klepp, Sandnes, Sola, Randaberg, Stavanger, Hjelmeland, Suldal, Vindafjord, Tysvær, Karmøy og Bokn. Eit funn på Nesflaten i Suldal er særleg interessant då ein må tilbake til 1985 for å finne den einaste registreringa av vipe på Nesflaten i databasen artskart. Av andre særleg interessante observasjonar trekk me og frem eit funn på Randøy i Hjelmeland, kor det ikkje er registrert vipe før.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar