Velkommen til markdag om fangvekstar 16. oktober

Måndag 16. oktober inviterer Statsforvaltaren og Norsk landbruksrådgiving til markdag om fangvekstar og miljøtiltak for å minske næringsavrenning til vatn.

Publisert 21.09.2023

Velkomen til markdag om fangvekstar

Me ynskjer alle interesserte velkommen til markdag om fangvekstar som miljøtiltak i landbruket måndag 16. oktober klokka 12. Fyrste del av markdagen vil vere på Kvernevik og Sunde bydelshus, med korte foredrag og diskusjon, deretter vil det vere markvandring hos to gardbrukarar ved Hålandsvatnet.

Fangvekstar som miljøtiltak

Fangvekstar kan vere eit tiltak for å minke næringsavrenning til vatn, og bidra med å binde jorda for å redusere erosjon. Fangvekstar kan sås som undervegetasjon i produksjon som korn, oljevekstar, radkulturar eller mais. Det kan óg sås etter hausting av produksjon som potet, grønsaker og rotvekstar. Hålandsvatnet er eit vatn sterkt prega av næringsavrenning, og tiltak må gjerast for å kunne betre vasskvaliteten her. Bruk av fangvekstar kan vere eit godt og enkelt tiltak som kan bidra med å forbetre vasskvaliteten.

Innhald

Denne markdagen skal opne opp for dialog mellom gardbrukarar rundt temaet fangvekstar og tiltak for å kunne minke næringsavrenning. For å drøfte tematikk som kvifor skal ein skal så fangvekstar som undervegetasjon eller etter hausting, og korleis skal ein gå fram. Det blir en gjennomgang av tilskotsordningar som finnes for fangvekstar og andre miljøtiltak (RMP).

Markdagen er delt i to delar. Programstart vil vere klokken 12.

Fyrste del av markdagen vil være på Kvernevik og Sunde bydelshus (Traneveien 10, 4048 Hafrsfjord), rom Ørnaberget/Sletteberget. Her vil det være korte foredrag om fangvekstar, kvifor og korleis, og innføring av tilskotsordningar som fins for vassforbeteringtiltak. Frå NLR kjem Arne Vagle som vil gi ei innføring i kvifor fangvekstar er nytting, og korleis ein går fram. Geir Paulsen kjem frå Felleskjøpet, og vil fortelje om kva Felleskjøpet tilbyr på området.  

Andre del av markdagen vil bestå av markvandring hos to gardbrukarar ved Hålandsvatnet. Fyrst vil me besøkje Enok Aleksander Kvam som har sådd fangvekstar etter hausting av potet. Deretter vil vi besøkje Tore Wølstad som har sådd gras samen med kornet sitt.

Dersom du ynskjer å delta kan du møte opp måndag 16.oktober kl. 12.00 på Kvernevik og Sunde bydelshus. Velkommen!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Markdag fangvekstar

Dato: 16. oktober 2023 12:00-16:00

Stad:

Del1: Kvernevik og Sunde bydelshus (Traneveien 10, 4048 Hafrsfjord), rom Ørnaberget/Sletteberget

Del 2: Markvandring hos gardbrukarar ved Hålandsvatnet

Arrangør: Statsforvataren og Norsk landbruksrådgiving

Målgruppe:  Gardbrukarar og andre interesserte