Tilskotsområda for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel er utvida

Fleire får no sjansen til å søkje tilskot til bruk av miljøvenlege spreiemetodar for husdyrgjødsel. Utvidinga omfattar heile Vindafjord kommune og store delar av Jæren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2013

Raskare kontakt mellom jord og husdyrgjødsel samt auka vasstilsetting, gjer at næringsstoffa i større grad kjem til nytte for plantane, og faren for tap til luft og vatn minskar. Mindre hevdalukt ved spreiing betyr mindre tap av nitrogen til lufta!

Spreieutstyr
Det er bruk av spreieutstyr som anten legg gjødsla heilt ned på bakken eller skyt den nedi som gir grunnlag for tilskot. Dei som ikkje har høve til å nytte slikt utstyr, og som skal jordarbeide om våren, kan søkje tilskot til å molde gjødsla ned innan 2 timar.  For å hindre jordpakking blir det gitt ekstra tilskot til bruk av slangeutstyr. Slangane blir kopla direkte frå gjødsellaget (eventuelt mobilt gjødsellager) til spreieutstyret, og blir dratt etter traktoren.  På den måten slepp ein tunge gjødselvognar ute på enga. God jordstruktur er svært viktig for å sikre god rotutvikling og plantevekst. Plantar i god vekst er avgjerande for godt avlingsnivå, og gir også mindre tap av næringsstoffar. 

Område for tilskotsordninga
Tilskot til miljøvenleg spreiing var eit prøveprosjekt i nasjonal regi som no blir overført til Regionalt miljøprogram. Saman med ansvaret fekk Rogaland 8 millionar kroner som skal brukast til å utvide ordninga til nye område. Kartet (sjå lengre nede på sida) gir ei rettleiing på kva område ordninga no vil gjelde for. Det er tatt utgangspunkt i nedslagsfelta til vassdrag som er karakterisert sårbare og sterkt påverka av jordbruket etter vassdirektivet.

Tilskot kan bli gitt i følgjande område:

Vindafjord kommune Heile kommunen
Stavanger kommune Heile kommunen
Randaberg kommune Areal som drenerer til Hålandsvatnet

Kommunane:
Sandnes, Sola, Klepp, Time Gjesdal og Hå

Delar som drenerer til vassdraga:
Figgjovassdraget, inkludert Skas Heigre-kanalen
Storåna
Folkvordkanalen
Frøylandsvatnet
Orrevatnet
Saltåna
Søylandsvatnet
Smokkevatn
Håelva inkludet Tverråna
Storamoset
Nordre Varhaugselv
Søndre Varhaugselv

  

Det er nokre viktige endringar i ordninga:

  • Satsane er blitt reduserte for å utvide ordninga ytterlegare.
  • Det kan berre løyvast tilskott til dyrka mark som ligg innanfor nedslagsfelta.
  • Miljøvenleg utstyr må brukast ved alle gjødslingane med husdyrgjødsel. Det vil seie både ved vårgjødslinga og etter 1. og eventuelt 2. slått på omsøkt areal.
  • Søknadsfristen blir samanfallande med regionalt miljøprogram; 1. oktober

Siste spreiefrist er som tidlegare 1. august, og gjødsellageret skal vere tømt innan fristen. Det er eit vilkår at all bruk av husdyrgjødsel på landbruksføretaket er i tråd med forskrift om organiske gjødselvarer (gjødselvareforskrifta).

Oversikt over førebelse satsar: 

Bruk av nedfelling/nedlegging 50 kr per dekar
Ekstratilskot for bruk av slangeutstyr ved nedfelling/nedlegging: 35 kr per dekar
Nedmolding innan 2 timar 30 kr per dekar

 

Kart som viser virkeområdeI områda merka med grønt kan det bli gitt tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Kartet er basert på NVE sine nedslagsfelt. Det kan vere enkelte unøyaktige grenser. Kartet er rettleiande og ikkje juridisk bindande.

 

I områda merka med grønt kan det bli gitt tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Kartet er basert på NVE sine nedslagsfelt. Det kan vere enkelte unøyaktige grenser. Kartet er rettleiande og ikkje juridisk bindande.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar