Status for SMIL 2012

Det har vore lite endringar i tal søkjarar til SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket) samstundes som det har det vore ei jamn auke i SMIL-løyvingane dei siste åra. Løyving av SMIL-midlar til miljøtiltak hadde størst auke frå 2010 til 2012.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2013

Tabellen under viser ein jamn auke på aktiviteten frå 2010 til 2012. Sjølv om det var litt færre søkjarar til SMIL-midlar i 2012 samanlikna med 2011, har det vore ein auke i SMIL-løyvingane. Dette skuldast mellom anna at kommunane har vore flinke til å bruke inntrekte midlar der tiltak ikkje har blitt gjennomført, det blir løyvd midlar til større tiltak enn tidlegare og ein generell auke i kostnadsnivået.

Tabell: Oversikt over utvikling i løyvde SMIL-saker frå 2010 til 2012

 

2010

2011

2012

Tal søkjarar

193

224

207

Kulturlandskapstiltak
(tidlegare STILK), kr

8 750 000

9 169 645

9 418 987

Miljøtiltak
(tidlegare IMT), kr

460 000

1 353 680

1 809 919

Planleggingstiltak
(tidlegare fellestiltak/områdetiltak), kr

1 200 000

1 048 074

905 847

Sum, kr

9 400 000

11 570 399

12 134 753

 

Fordelinga av SMIL-midlar til kulturlandskapstiltak:

  • 52 % til gamle bygningar. SEFRAK-registrerte bygningar blir prioritert og det er eit godt samarbeid mellom kommune og kulturminnemyndigheiter.
  • 30 % til tiltak knytt til biologisk mangfald/gamal kulturmark. Om lag 9% av løyvingane til SMIL i Rogaland i 2012 gjekk til skjøtselstiltak i kystlynghei (brenning og rydding av einer/kratt). SMIL-midlar blir brukt til gjerde mellom innmark og til dømes kystlynghei. Dette for å hindre ei stegvis oppgjødsling av kystlynghei eller anna område med verdifullt biologisk mangfald.
  • 10 % til ferdselstiltak. Det er samanhengande nettverk av turstiar fleire stader i fylket, delfinansiert med SMIL-midlar. I 2012 er det i regionalt miljøprogram (RMP) søkt om 473 km turstiar på innmark, - mot 432 km i 2010. Friluftsinteresserte og reiselivsnæringen nyter også godt av turstiane. Enkelte turstiar i pressområde er så viktig for så mange samfunnsgrupper at det er eit viktig argument mot at areala kring turstiar blir teke i bruk som utbyggingsområde.
  • 9 % til kulturminnetiltak.

Det har vore ei tredobling av løyvingar til miljøtiltak frå 2010 til 2012
Auka skuldast i hovudsak ei sterk satsing på etablering av reinseparkar på Jæren i perioden 2010-2012 og i Vindafjord i 2012. I 2012 blei det gitt tilskot til 14 nye reinseparkar i Rogaland mot 11 i 2010 og 9 i 2011. Mange grunneigarar langs Vatsvassdraget i Vindafjord kommune inngjekk på eige initiativ og i fellesskap, avtalar på tiltak for å betre vasskvaliteten i Vatsvassdraget i 2012.

Rogaland har for 2013, utvida områda som får støtte til miljøvenneleg spreiing av husdyrgjødsel etter RMP-ordninga. Difor er det grunn til å tru at løyvingar til miljøtiltak vil auka ytterligare i 2013.

SMIL og RMP
Fylkesmannen har i mange år arbeidd for å få opp interessa for å ta vare på biologisk mangfald og gamal kulturmark. RMP gjer at ein i større grad ser nytten av å gjennomføre restaureringstiltak etter SMIL som til dømes satsing på tiltak i områdar i naturbasen, arbeidet med samanhengande turstiar og tiltak for å hindre forureining. Vi opplever generelt at det er relativt god kopling mellom tilskotsordningane SMIL og RMP.

Utfordringar framover
Det er viktig at SMIL-midlane i størst mogleg grad blir nytta målretta etter SMIL-forskrifta, og etter nasjonale og regionale målsettingar for å løyse utfordringar innan kulturlandskap og ureining.

Fylkesmannen legg vekt på at miljøverdiane og den ekstra innsatsen som ein søkjar legg ned utanom den vanlege jordbruksdrifta, skal vere utløysande for å løyve SMIL-midlar. I einskilde tilfelle blir det løyvd SMIL-midlar som må vurderast å vere i grenseland av kva SMIL-forskrifta tillet. Eit døme på dette er løyvingar av SMIL-midlar til tiltak mot gjengroing av kulturlandskapet. God informasjon ut til landbrukskontora er difor særs viktig for å sikre ei nokolunde lik handsaming av SMIL-søknadar i heile fylket.

Aktiviteten kring bruken av SMIL-midlar er i stor grad avhengig av kva ressursar landbrukskontora i kommunane har for å stimulere til SMIL-tiltak. Det er eit potensial for å auke og å målrette løyvingar av SMIL-midlar ytterlegare dersom kommunane legg meir personressursar i arbeidet med SMIL.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar