Endringar i Regionalt miljøprogram i 2012

Det er gjort nokre endringar i Regionalt miljøprogram for 2012.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2012

Største endring er at det blir innført tilskott til miljøavtaler i "Aksjon - Vatsvassdraget" i Vindafjord kommune. Målet er å minske næringsavrenninga frå jordbruket til Vatsvatnet og Landavatnet. Avtalene er laga etter mal frå miljøavtalene i Skas Heigre, og det blir gitt tilskott til dyrka areal og innmarksbeite i nedbørsfeltet. Førebels sats per dekar er 60 kr for fulldyrka areal og 40 kr for innmarksbeite.

Det blir arbeidd med ny forvaltningsplan for gås. Fram til den er ferdig, er ordninga med tilskott til beiteområder for gås sette på vent. Førebels sats for tilskott til stølar/stølsvoll er redusert frå 10 000 kr per støl til 4 000 kr per støl. Stor søknadsmengde har gjort at dei førebelse satsane er redusert på fleire av ordningane. Endringane blei vedteke av prosjektgruppa 3. februar 2012. Oversikt over ordningar med førebelse satsar finn de under "relaterte dokument".

Søknadsskjema og rettleiingshefte for 2012 vil bli klart i løpet av våren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.