Tre statsrådar kjem til Sola for å diskutera mat

Regjeringa skal laga ein handlingsplan for kosthald. Derfor inviterer statsrådane Bent Høie, Jon Georg Dale og Per Sandberg til konferansen "Måltidsglede - sunt for alle" 15. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.02.2016

Ber om innspel

Konferansen finn stad på Clarion Hotel Air på Sola. Breidda av statsrådar viser at mat, helse og kosthald spenner over ei rekke fag og sektorar. Arrangementet er like aktuelt for både fiskaren, bonden, kokken og sjukepleiaren som for legen.

Dei tre statsrådane ønskjer å få innspel frå heile mat-Noreg:

  • Kvifor et vi den maten vi et?
  • Kosthaldet – ditt eller mitt ansvar?
  • Korleis skapa måltidsglede?
  • Korleis legga til rette for dei gode og sunne måltida?

Påmeldingsfrist 26. februar.

Les meir på regjeringa sine nettsider.

Det er Måltidets Hus som legg til rette for konferansen på vegner av statsrådane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.