Hugs å sjekke reglane for båndtvang i din kommune

Foto: Hedda Charlotte Haugland

Den generelle bandtvangen er oppheva – hugs å sjekke med kommunen kva som gjeld der du ferdes!

Publisert 23.08.2023

No nærmar hausten seg, og for mange: den etterlengta opphevinga av bandtvang.

Ophhevinga gjer det mogleg å sleppe hunden laus medan ein er ute på tur, men før du koplar ifrå - sjekk om kommunen har utvida båndtvang. I Noreg er det generell bandtvang i perioden 1. april til 20. august, noko som inneber at hunden skal haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda eller innestengd. Årsaka er at hunden ikkje skal kunne jage eller skade husdyr, tamrein eller ville dyr og deira reir, bu eller hi.

Grunna husdyr som beitar i eigne område er det nokon kommunar som har utvida bandtvangen, og i område der husdyr beitar heile året er, det difor bandtvang heile året. Dette gjeld nokon av våre kommunar i Rogaland.

Kommunane står sjølv fritt til å vedta forskrift om bandtvang. Derfor er det viktig å sjekka kva som gjeld for den kommunen du skal gå på tur i.

God tur!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.