Landbruksdirektør Geir Skadberg har sine siste dagar på jobb i juni

Denne veka har vår gode landbruksdirektør sine siste arbeidsdagar ved Landbruksavdelinga. 8 år som leiar med fokus på konkurransekraft for landbruket i Rogaland går mot slutten. Nå må andre ta stafettpinnen vidare.    

Publisert 27.06.2023

Dagen vi ikkje var klar for kom plutseleg. Kven skulle tru at spreke Geir ville bli pensjonist nå? Geir jobba ved avdelinga før har blei øvste leiar, også som nestleiar. Han blei landbruksdirektør i 2016, og har sett spor etter seg i desse åra. 

Alltid til stades

Geir har logisk nok hatt ein travel kvardag, men har samstundes alltid vore tilgjengeleg. Det gjeld som fagperson, men like viktig det å vere personleg til stades. Han har bidrege til at avdelinga er ein god plass å vere, og til at det er eit godt samarbeid på kryss og tvers. Han har vore oppteken av å gjere andre gode, og det å gi ros for godt arbeid.

Oppteken av verdiskaping og konkurransekraft

Avdelinga får sitt oppdrag frå sentralt hald, og må arbeide i tråd med nasjonal landbrukspolitikk. Vi vil hevde at Geir har vore i førarsetet nasjonalt sett når det gjeld å utvide perspektivet knyta til verdiskaping og konkurransekraft. Han har initiert fleire prosjektsatsingar, t.d. innan dyrevelferd, som har samla heile næringa med felles mål om å bli betre. Geir har vore oppteken av at reine vassdrag og ivaretaking av naturmangfaldet, er viktig for konkurransekrafta i landbruket. Dette har gitt resultat.

Me må ikkje ta bonden for gitt

Geir vil spesielt bli huska for eitt uttrykk – «me må ikkje ta bonden for gitt». Han har vore oppteken av å ha eit aktivt landbruk i heile fylket, samstundes har han ikkje vore så bekymra som andre for at nokon har slutta. Der mange har sett negativt på utviklinga, har Geir klart å halde på optimismen. Eksempelvis når vi skal prøve å tolke den omfattande spørjeundersøkinga som blei gjort i 2022, noko som blei gjennomført etter initiativ frå Geir.

«Kva ittepå»?

Geir vil bli sakna, men Landbruksavdelinga har gode folk som vil ta stafetten vidare. Stillinga som landbruksdirektør blir lyst ut i september. Anfinn Rosnes blir mellombels konstituert som landbruksdirektør fram til ny leiar er på plass, og Monica Dahlmo blir konstituert som nestleiar. Det vil kunne bli noko mindre kapasitet ein periode, men det må vi takle på best mogleg måte. Anfinn har informert om at han ikkje er søkar til stillinga som ny landbruksdirektør.

Så kan det jo vere at vi tek ein telefon til Geir om det er noko vi undrar oss på, sjølv om han kan stå til livet i vatn i Valdes i den nye vadebuksa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar