Heiplansamling – dei kom frå aust og vest med mangt å tala om

Heia i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei har stor verdi for dei nære bygdene. For jordbruk, vasskraft, naturbasert reiseliv, jakt og fiske. Heiane har variert flora og fauna. Verdiane blir forvalta gjennom ein regionplan kalla Heiaplanen. Rogalendinger, hordingar, egdinger og telemarkingar var nyleg samla til Heiplansamling i Bykle for å diskutere forvaltning av områda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2021

Dei kom frå aust og vest, nord og sør farane over fjell og hei med mangt å tala om. Vart det strid, kom alle på glid, når mat og kultur samla folk på kvelden. Slik kan det opplevast når om lag hundre engasjerte politikarar og fagfolk sette kvarandre stemne på Heiplansamling i vakre Setesdal 20.-21. oktober.

Heiplansamlinga blir arrangert årleg for fylke og kommunar som soknar til fjellområdet. Heiane har kort veg frå fjord til hei, og frå dal til hei. Heia har Nord-Europas sørlegaste villreinstamme. Villreinen er ansvarsart som Norge er særleg forplikta til å ta vare på. Områda er viktig for bulyst, lokal næringsutvikling, friluftsliv og kulturhistorie.

Levande bygder, levande villrein-fjell og berekraftig ressursforvaltning, både økologisk og sosialt, var hovudtema på samlinga. Deltakarane fekk òg høyre om Setesdals kulturarv på UNESCOs verdsarvliste. Utøving av stevkunst, dans og folkemusikk frå Setesdal fekk i 2019 plass på UNESCOs verdsarvliste for immateriell kunst.

Rogaland blir vertskap i 2022

Heiaplansamling 2022 blir i Rogaland. Nye og kjende utfordringar blir då vidare diskutert. Eventuell revisjon av gjeldande Heiaplan, vilkårsrevisjon (skjerpa miljøkrav) av eldre eksisterande vasskraftkonsesjonar, status for bygdeutvikling, villrein, natur og næring blir viktige tema også neste år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.