Midlertidig omdisponering kan gi konsekvensar for konsesjon og odel

Golfbane på Bjergsted. Eit areal som i AR5 er registrert som open fastmark. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Både konsesjonslova og odelslova har arealgrenser for konsesjonsplikt og odelseigedom. Midlertidig eller permanent omdisponering til andre føremål, slik som golfbane, kan føre til at erverv av landbrukseigedom ikkje krev konsesjon eller mister sin status som odelseigedom.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2022

Dette kjem fram av ei uttale frå Landbruksdirektoratet etter at Statsforvaltaren i Oslo og Viken sendte inn spørsmål om temaet.

Klassifisering av jordbruksareal er sentralt i blant anna konsesjonslova og odelslova. Klassifiseringa får til dømes verknad for om ein eigedom kan ervervast konsesjonsfritt. Jordbruksareal blir delt inn kategoriane «fulldyrka jord», «overflatedyrka jord» og «innmarksbeite». Til dømes hageareal og golfbane blir klassifisert som «open fastmark» sjølv om areal som nyttast som golfbane tilsynelatande kan oppfylle krava til fulldyrka jord.

Midlertidig omdisponering til golfbane kan derfor føre til at ein landbrukseigedom kjem under arealgrensene i konsesjons- og odelslova, sjølv om totalarealet skulle tilsei at arealkrava var oppretthaldt.

Du kan lese meir om dette i svaret frå Landbruksdirektoratet som ligg vedlagt denne artikkelen.   

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.