Ny frist for utkøyring av husdyrgjødsel

Fylkesmannen i Rogaland endrar siste frist for spreiing av husdyrgjødsel frå 1. august til 15. august. Dette gjeld areal der det kan søkjast tilskot til miljøvenleg bruk av husdyrgjødsel frå Regionalt miljøprogram i 2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.07.2013

Ordinær frist for siste spreiing av husdyrgjødsel på omsøkt areal er 1. august. I år har det vore spesielle tilhøve med sein vår og førsteslått i heile virkeområdet for tilskotet. Det vil påverke tidspunktet for 2. slått og påfølgjande utkøyring av husdyrgjødsel.  Fylkesmannen finn difor grunn til å utsetje fristen for siste spreiing og tøyming av lager for husdyrgjødsel til 15. august. Dette er gjort med heimel i § 24 pkt. d) i forskrift av  07.06.2013 nr 604 om tilskot til miljøtiltak i jordbruket, Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.